Det har vore mykje testing i Hallingdal etter påske. Biletet er frå testing utanfor legevakta i Ål.

Slår full smittealarm: Sju smitta etter store festar i påska - ber folk teste seg

Sju er førebels bekrefta smitta etter påskefestar i Hemsedal. Særleg har ei stor samling i skisenteret skapt trøbbel.

No blir deltakarane bedne om å teste seg.

– Me er nøydd til å gå breitt ut no, og be dei som har vore til stades på desse samlingane om å teste seg. Det gjeld også folk som veit dei er nærkontakt til folk som har vore der, seier ordførar Pål Rørby til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor lett har det vore å få personar som har vore til stades til å dele informasjon?

– Det har vore ganske høg partyfaktor her. Fleire har trøbbel med å hugse kor dei har vore og kven dei har vore saman med. Det gjer sporingsarbeidet vesentleg vanskelegare.

Rundt 60 personar samla

Det er i hovudsak to påskefestar det dreier seg om:

Den eine av dei to gjekk føre seg laurdag 3. april, i skisenteret. Nærare bestemt i nedre del av «Bålparken/Tinden». Har skal det ha vore uorganiserte private samlingar i fleire grupper på 8-10 personar.

Til saman skal rundt 60 personar ha vore samla denne kvelden, og det er registrert fleire smitta i etterkant.

Den andre samlinga skjedde fredag 2. april, på ein låvefest i bygda. Her skal det ha vore 20-30 personar til stades. Det kan også her vere snakk om smitta deltakarar.

Ifølgje kommunen skal fleire av deltakarane på desse samlingane har vore med på andre fester i Hemsedal og Hallingdal. I hovudsak handlar dette om samlinga i skisenteret laurdag. Ifølgje kommunen har det vore mange festar rundt om i bygda påskehelga, ikkje minst på private hytter.

– Me har rimeleg god kontroll på det som involverer lokalbefolkning. Men det er framleis ein del lause trådar. Fleirtalet av deltakarane kjem frå utanfor Hallingdal. Men fleire har vore rundt på andre festar og arrangement, seier Rørby.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed kan dei som var i skisenteret ha tatt med seg smitte vidare til andre festar og til andre menneske.

Les også
Slutt på dei strenge tiltaka i Hallingdal - her er dei nye reglane

Så langt er det sju personar som er kjent smitta. Den eine av desse er fastbuande i Hemsedal, og har ført til at eit større tal personar no har hamna i karantene.

Visste om samlingane

Kommunen fekk fredag ettermiddag nyss om at det var dukka opp smitte knytt til samlingar i bygda.

– Då smittesporarane begynte å nøste i dette, spora dei seg tilbake til ei samling me har fått rapportar på tidlegare, fortel Rørby.

Samlinga i skisenteret var ei hending det lokale vaktselskapet rykte ut på i påska.

– Då var vaktgruppa vår ute, og løyste opp i samlinga. Dette var noko me hadde venta kunne skje i påska, særleg fredag og laurdag, seier Rørby.

Låvefesten langfredag vart kommunen først kjent med i går.

Lite symptom på dei smitta

Det er i alt seks kommunar som er råka av den nyleg avdekte smitta. Rørby fortel at kommunen har opplevd det same denne gongen som tidlegare, det er ikkje alltid lett å få informasjon frå andre kommunar om smitte som kan sporast til Hemsedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er varierande kvalitet på sporingsarbeidet i enkelte av personanes heimkommunar. Det har vore manglande kommunikasjon til oss i Hemsedal, seier han.

Sjølv om smittesporarane i Hemsedal har gjort ein stor jobb alt, står det framleis meir att. Truleg er det snakk om ein mutert virusvariant, som me veit er meir smittsam enn det «ordinære» viruset.

– Fleire av dei som no har testa positivt har hatt lite symptom. Det er det som er skummelt - unge menneske har få symptom, kjenner seg friske, men likevel bringer med seg smitte. Det er jo eit potensielt dødeleg virus, dette, seier Rørby.

Den innstendige oppfordringa er altså: Om du har vore til stades på ein av desse to sosiale samlingane, test deg - også om du kjenner deg heilt frisk.

– Kva tenker du om at dette kjem no, ei veke etter at påska er avslutta?

– Me held alltid pusten etter alle feriar. Me veit det kan skje ting også 8-10 dagar etter at ferien er over, så me har ikkje spretta champagnen her eller senka skuldrene. Me har vore merksame, og veit det kan kome ting.

Må vurdere tiltak

Nyheita om smittetrøbbelet kjem berre timar etter gladmeldinga om at Hallingdal er blant kommunane i Viken som kan sleppe opp på dei strenge regionale tiltaka, og gå over på nasjonale.

Kan det bli nye tiltak i Hemsedal no?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det viktigaste for oss så langt har vore å nøste opp i smitten og ramme dette inn så godt me kan. Så får kommunen og kriseleiinga sjå på om det er aktuelt med andre tiltak over helga.