Gol sentrum: Gol sentrum

Slutt på dei strenge tiltaka i Hallingdal - her er dei nye reglane

Kommunane i Hallingdal vart høyrt. Frå og med midnatt natt til måndag er det slutt på dei strenge restriksjonane.

Det vart kjent klokka 10 laurdag.

Klokka 24 sundag kveld blir det strenge tiltaksnivået 5A avslutta, og heile Hallingdal går over på å berre følgje dei nasjonale tiltaka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunane i Hallingdal var torsdag i eit møte med statsforvaltaren og helsemyndigheitene. Her tok dei til orde for ei differensiering av Viken. Etter møtet sa regionrådsordførar Solveig Vestenfor at ho var «forsiktig optimist». Det viste det seg laurdag at ho hadde grunn til å vere.

– No er me glade - og litt stolte også. Me opplever at dei har lytta til oss, både statsforvaltar og helsemyndigheiter, seier Vestenfor til Hallingdølen laurdag formiddag.

Viken er no delt i tre. 20 kommunar skal halde fram med det strenge tiltaksnivå 5A, som heile Viken har hatt sidan 16. mars.

19 kommunar får ein del letter, og går over til tiltaksnivå 5B. 13 kommunar, blant desse alle i Hallingdal og Nore og Uvdal, skal ikkje lenger ha regionale tiltak.

Frå måndag går me altså over på nasjonale tiltak. Desse gjeld førebels fram til 14 april.

I faktaboksen under kan du sjå oversikt over dei nasjonale tiltaka.

Her er dei nasjonale tiltaka, som gjeld til 14. april:

* Bruk munnbind der det ikkje er mogleg å halde to meter avstand.

* Alle bør avgrense sosial kontakt så mykje som mogleg.

* Maks to gjester på besøk.

* Bruk berre lokale butikkar og kjøpesenter.

* Restaurantar og kafear kan halde ope, men det er nasjonalt skjenkeforbod.

* Unngå unødvendige reiser innanlands.

* Skuler og barnehagar er på gult nivå.

* Heimekontor for alle som har moglegheit til dette.

* Alle arrangement bør utsettast eller avlysast.

* Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Forbod mot innandørs organisert idretts- og fritidsaktivitet for vaksne.

* Treningssenter kan halde opent for dei som er busett i kommunen.

Framleis strengt

Vestenfor minner om at dei nasjonale tiltaka framleis er veldig strenge. Men:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når me no kan følgje dei, gir det endeleg rom for barn og unge. Det er også ei god nyheit for handelsnæringa, seier ho.

– Ein ting er at næringslivet sliter, men dette handlar også om mange arbeidsplassar, og livskvaliteten til folk. Det er viktig at tiltaka blir lagt på det nivået som er rett, og som er forholdsmessig med tanke på smittesituasjonen.

Må hjelpe næringslivet

Men Vestenfor veit også at for mange næringsdrivande så er det ei «mager trøst» at lokalsamfunnet kan opne opp att no. Påska, som står for store og viktige inntekter for mange, er over. Den får dei ikkje att.

Å sørge for at kompenasjonsordningane er gode nok og ikkje minst treffer, blir den neste, store kampsaken.

– Me er veldig opptatt av næringsliv og reiseliv som no har lagt bak seg to tøffe sesongar med stor reduksjon i omsetning. Me veit om dramatikken dei kjenner på. Derfor er me no i gang med å samle inn fakta. Me har ein open invitasjon frå buskerudbenken på Stortinget, og vil be om eit møte med dei så snart me har samla inn nok faktagrunnlag. Då er det naturleg at også næringsminister Iselin Nybø er med, seier Vestenfor.