Dette biletet er frå koronatesting i Gol i fjor haust, då kommunen opplevde eit utbrot. Frå venstre: Nina Østerhus, Bjørg Kjørkleiv Hoftun, Marry Viljugrein og Tora Berger.

Fleire hundre i ventekarantene i Gol: – Me treng at folk tør seie kven dei har vore i kontakt med

To personar har testa positivt for koronaviruset i Gol. Smittesporinga er krevjande. Heile Gol vidaregåande skule, NTG Geilo og Ung Invest er sett i ventekarantene.

Tysdag kveld gjekk det ut melding til både elevar, foreldre og tilsette ved skulane om at dei må halde seg i ro inntil vidare.

Smittesporarane jobbar no på høggir.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sporingsgruppa opplever arbeidet som krevjande. Det er utfordringar med tanke på å finne ut kven som er nærkontaktar til dei smitta. Derfor får dette store konsekvensar. Me må gjere det me trur er nødvendig for å avgrense mogleg spreiing av smitte, seier ordførar Heidi Granli.

Fleire hundre i karantene

I tillegg elevar og tilsette ved Gol vgs, er heile NTG Geilo sett i ventekarantene. Det same gjeld Ung Invest, og 10. trinn ved Gol ungdomsskule.

Det er med andre ord fleire hundre personar som no er råka. Også to skuleklassar ved Ål vgs er bedne om å halde seg heime onsdag.

Det er så langt ikkje vist at dei to smittetilfella har nokon samanheng med kvarandre, men sporingsarbeidet pågår for fullt i Gol for å nøste opp i kva som har skjedd.

I tillegg til skuleelevane som må vere i ventekarantene, er det ein annan viktig beskjed til innbyggarane i Gol:

Ein av dei smitta har vore innom treningssenteret Tibia. Med bakgrunn i dette har kriseleiinga ein klar beskjed: Om du har vore innom Tibia i timane mellom klokka 08 og 11 måndag formiddag, og har fått symptom, må du teste deg.

Treningssenteret er inntil vidare stengt.

Kommunen veit enno ikkje sikkert smittevegen for dei to tilfella, men det skal dreie seg om «importsmitte». Altså at smitta er henta frå utanfor dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er per no ikkje å rekne som eit lokalt utbrot, seier Granli.

Treng sårt opplysningar

Smittesporinga var tysdag kveld utfordrande i Gol. Når eit smittetilfelle blir kjent og sporingsarbeidet startar, er kommunen heilt avhengig av å få så mange opplysningar som mogleg om kven dei smitta har vore saman med og når. Det er avgjerande for å hindre eventuell spreiing, og få ramma inn eit utbrot så raskt som mogleg.

Ordføraren i Gol har ei innstendig bøn til alle:

– Når ein person er så uheldig å bli smitta, treng me at folk vil og tør seie kven dei har vore i kontakt med. Om ikkje kan det føre til store konsekvensar, som det har blitt hos oss no, seier Granli.

– Me er så nær mål i denne pandemien. Me må jobbe saman for å avgrense konsekvensane, men likevel kunne setje inn effektive tiltak. Årsaka til at me har mange som no er sett i ventekarantene, er at me ikkje har 100 prosent oversikt over alle nærkontaktar, seier ordføraren.

Les også
Krev tre millionar i erstatning
Les også
Fråstole skuterar til over 300.0000 kroner: - Merkeleg at tjuvane fann dei
Les også
Hytte selt for 19 millionar i Hemsedal