Smittesporarar Terje Bør og Runa Lyngvie i Gol kommune er godt i gang etter eit koronautbrotet i Gol. Til høgre ordførar Heidi Granli.

Smitta i Gol er truleg knytt til ulike festar - ber folk teste seg

Personane som har testa positivt for koronaviruset i Gol har truleg blitt smitta etter å ha vore på fest. No har kommunen ein innstendig bøn til alle som har deltatt på festar dei siste vekene: Test deg.

– Mistanken er at smitta har oppstått, og spreidd seg, i samband med festar. Det er krevjande, med tanke på å spore opp nærkontaktar. Det kan vere vanskeleg å innrømme at ein har vore på fest. Vårt bodskap er: Har du vore på ein eller fleire festar eller sosiale samlingar ønsker me at du testar deg, seier ordførar Heidi Granli.

To personar er så langt bekrefta smitta i Gol. Nyheita kom tysdag kveld, og smittesporarane har hatt ein krevjande jobb det siste døgnet. Utfordringar med å identifisere moglege nærkontaktar har gjort at kommunen har gått breitt ut for å ramme inn smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fleire hundre i ventekarantene i Gol: – Me treng at folk tør seie kven dei har vore i kontakt med

Heile Gol vgs er sett i førebels karantene. Kall det ein ventekarantene, eller ei avklaringskarantene. Dei må halde seg i ro til situasjonen er meir avklart. Det same gjeld Ung Invest og ein klasse ved ungdomsskulen. Smittetilfella har forgreiningar til andre kommunar også, i Hol er heile NTG Geilo sett i karantene. I tillegg er to klassar ved Ål vgs bedne om å halde seg i ro.

Det er ikkje mistanke om at smittevegen til dei to bekrefta tilfella kjem frå skulen.

Desse bør teste seg

Etter at nyheita om smittetilfella og den massive karantenesetjinga vart kjent, har kommunen opplevd ein straum av spørsmål frå publikum om folk bør kome og teste seg.

– Når me har såpass mange i karantene så forstår eg at situasjonen blir opplevd som usikker, seier Granli.

Les også
Nore og Uvdal: Ein person smitta av korona

Men bodskapen til dei som undrar er klar: Kommunen har oversikt over kven dei ønsker å kalle inn til testing. Det er derfor ingen grunn til å ringe å spørje; dei som er aktuelle vil bli kontakta og få beskjed om å ta ein prøve.

Det er likevel to grupper som sjølv bør ta kontakt for test:

* Dei som har vore på fest eller sosial samling dei siste vekene.

* Dei som har symptom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar i Gol, Heidi Granli (Ap).

Fleire festar

I helga skreiv Hallingdølen om eit smitteutbrot knytt til festing i Hemsedal i påska. Der var det særleg to hendingar som vart trekt fram, ei større samling av menneske i skisenteret og ein låvefest der 20-30 personar skal ha vore samla.

Det som no skjer i Gol, kan vere knytt til den aktuelle låvefesten.

– Me kan ikkje utelukke det. Samstundes handlar dette om meir enn éi hending. Det har vore fleire samlingar. Me kan ikkje berre ringe rundt den eine festen i Hemsedal, seier ordførar Granli.

Nettopp derfor er det så viktig at dei som har vore på fest den siste tida, med samling av menneske, testar seg.

– Me slit med å finne ut av detaljane i dette, kven har vore kor, kven har vore saman med kven. Dette kan det vere vanskeleg å snakke om, særleg om talet på deltakarar er over det som reglane seier. Men det er denne informasjonen me så sårt treng. Me treng at folk er ærlege, så me finn ut av dette, seier Granli.

Les også
Slår full smittealarm: Sju smitta etter store festar i påska - ber folk teste seg
Les også
Slutt på dei strenge tiltaka i Hallingdal - her er dei nye reglane