Dette biletet er frå koronatesting i Ål i fjor.

Gode nyheiter i Hol: - Me har ein meir kontrollert situasjon

Smitta som no er avdekt i Gol strekker seg også til Hol. Kommunen venta onsdag ettermiddag i spenning på eit prøvesvar som potensielt kunne gi større konsekvensar. Testen viste seg å vere negativ.

– Me har ein person som er nærkontakt til eit smittetilfelle, sa kommuneoverlege Silje Marie Koldal til Hallingdølen ved 15-tida onsdag.

Nærkontakten det er snakk er testa både med hurtigtest og ordinær prøve. Begge viste seg negative.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
15 personar er hittil testa i Gol: To nye bekrefta smitta

Som Hallingdølen tidlegare har skrive, er NTG Geilo råka av situasjonen i Gol. Ifølgje kommuneoverlegen er ikkje skulen sett i formell karantene, men elevane har heimeskule i påvente av fleire svar.

– Ved NTG er det tett mellom kull og idrettar, så me har vald å ha eit raudt nivå, fortel Koldal.

Med den negative prøva har NTG fått eit pusterom.

– Men heile karantenetida må nok gjennomførast før dette blir rekna som avklart. Det vil bli heimeskule til karantenetida for nærkontakten er over, seier Koldal.

Det vil bli noko testing i Hol torsdag også. Det har dukka opp fleire forgreiningar til smittetilfella som no er avdekt i Gol.

– Det er snakk om fire nærkontaktar som me kjem til å teste i morgon, seier Koldal.

Men trass i dette:

– Me har no ein meir avklart situasjon. Me har også fått avgrensa alle desse nærkontaktane med karantene og ventekarantene. Eg er optimistisk, seier kommuneoverlegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Smitta i Gol er truleg knytt til ulike festar - ber folk teste seg