Illustrasjonsbilete frå koronatesting. Dette biletet er frå prøvetaking i Ål.

Alarm i Gol etter ny smitte: Kriseleiinga ber foreldra om hjelp

Ein ny person er smitta i Gol. Det har utløyst alarm: Det er mistanke om at i alt fire personar kan ha brote karantenen og bevegd seg over kommunegrensene.

Det utløyser eit nytt og krevjande sporingsarbeid tysdag kveld.

– Det er ein sterk mistanke om brot på reglane. Dette gjeld fire personar. Ein eller fleire av desse kan ha kryssa både kommune- og fylkesgrenser. Smittetilfellet me fekk i dag var ikkje uventa, men sidan vedkommande hadde gått ut av karantenen så utløyser det meir sporing og nye forgreiningar, seier ordførar Heidi Granli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vart testa på nytt

Smittetilfellet er det åttande på ei veke i Gol. Sist tysdag fekk kommunen to smittetilfelle, knytt til ungdomsmiljøet og festing. Dette førte til fleire smitta og mykje karantene, men rett før helga kunne kriseleiinga melde at dei hadde kontroll på situasjonen.

Sidan då har mange sleppt ut att av karantene, og mange har blitt testa. Likevel fekk ein del personar beskjed om å halde seg i karantene ut den obligatoriske perioden.

Personen som no er smitta, var blant desse.

Det er vanleg å ta ein såkalla «retest» når ein har kome eit stykke ut i karantenetida. Det vart gjort her.

– Retesting var avtalt med vedkommande, og prøva vart tatt i går. I dag kom det positive svaret, seier Granli.

Les også
Braut reglar om karantene - politiet legg vekk saka

Også denne gongen er det ungdomsmiljøet som er råka. Det er førebels vanskeleg å slå fast kor omfattande det nye smittetilfellet blir, eller kor mykje karantene og testing det vil utløyse. Smittesporingsgruppa jobba tysdag ettermiddag på spreng for å få tak i folk.

Sist veke melde det seg eit problem for sporarane då dei prøvde å nøste opp i smittevegane: Det var ikkje lett å få informasjon om kven som hadde vore saman med kven, og kor. Til slutt lausna det heldigvis.

– Me ser nokre tendensar no også, at folk vegrar seg for å ta telefonen og svare, seier Granli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ber om hjelp

Ordføraren kjem derfor med ein bøn:

– Me trenger hjelp. Foreldra må vere med og hjelpe oss. Me trenger at ungdommen står fram og tek telefonen når me ringer. No må me vaksne ta ansvar, seier ho.

– Me er prisgitt at dei me ringer tek telefonen og svarar oss. Me håpar foreldra no kan bidra. Spør kva ungdommen har gjort, om dei har fått ein telefon. Be dei ringe oss tilbake om dei har fått det. Me må avgrense dette så godt det går.

Les også
To nye smitta i Gol - er oppe i sju tilfelle på fem dagar

Det er førebels ingen mistanke om forgreiningar mot Gol skule, det dreier seg om vidaregåande-alder og høgare.

Må diskutere konsekvensar

Ordførar Granli håpar også at folk mobiliserer og fattar mot: Det blir ein ny dugnad i Gol.

– Eg forstår at det er lett å bli oppgitt og tenke at dette er urettferdig. Men no må me alle samarbeide. Det hjelper ikkje å peike finger mot nokon. Gjer i staden som eg, gå ut i skogen, skrik høgt, og ver ferdig med det. Dette må me jobbe oss gjennom saman, seier ho.

Korleis den nye situasjonen vil slå ut, er enno for tidleg å seie noko om. Men det kan føre til innstrammingar.

– Me må diskutere i morgon om me skal sjå på kor mange som kan vere saman. Det kan bli konsekvensar av dette, seier Granli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ordførarens bøn: – Ikkje tid for å feste eller møtast i helga!