Dette biletet er frå koronatesting i Gol i fjor haust.

To nye smitta i Gol - er oppe i sju tilfelle på fem dagar

Kommunen har fått kontroll på smittesituasjonen, men fekk laurdag to nye positive prøvesvar.

Det fortel ordførar Heidi Granli til Hallingdølen laurdag kveld.

– Begge er nærkontaktar, så det var såleis venta, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ordførarens bøn: – Ikkje tid for å feste eller møtast i helga!

I løpet av den siste veka har omtrent ti prosent av befolkninga i Gol sete i ein eller anna form for karantene.

Svært mange sleppte ut att i løpet av torsdag og fredag, mellom anna ein del elevar ved Gol skule og på vidaregåande.

Smittetilfella som kom laurdag får ingen ytterlegare konsekvensar.

– Dei utløyser ikkje behov for nye karantenar eller meir sporing, seier Granli.

Les også
Ny person smitta i Gol - men mange er ute av karantene

Tilfella er dei sjette og sjuande sidan tysdag i Gol. Då gjekk alarmen i kommunen, etter at to personar vart bekrefta smitta. Det var ei stund ein spennande situasjon, før kommunen fann ut av smittevegen og fekk testa moglege nærkontaktar. Men i løpet av torsdag og fredag var biletet blitt såpass klart at kriseleiinga kunne seie dei har kontroll.

Les også
Mellom 500 og 600 personar er no i karantene i Gol: Rundt 30 blir testa i dag