Det blir raudt nivå på Gol vidaregåande skule.

Innfører raudt nivå på vidaregåande i Gol

Frå torsdag strammar Gol vidaregåande skule ytterlegare inn.

Bakgrunnen er den nye smittesituasjonen som har oppstått i kommunen.

– Me må understreke at den smitta me har no, ikkje kjem frå skulen. Men det kjem frå same miljø, derfor må me skjerpe inn på smittevernet. Dette er eit tydeleg signal om at me treng å ta ytterlegare innstrammingar, seier ordførar Heidi Granli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Politiet granskar nytt mogeleg brot på karantenereglane

Det er ungdomsmiljøet som er råka av den smitta som har oppstått i Gol den siste veka. Sist tysdag vart to personar bekrefta smitta, situasjonen enda til slutt med sju smittetilfelle. Rett før helga fekk kommunen kontroll på situasjonen, men no har alarmen gått på nytt:

Ein person er bekrefta smitta etter å ha gått ut av karantene før vedkommande eigentleg skulle. Personen har kryssa både kommune- og fylkesgrenser.

Det har skapt ein uoversiktleg situasjon, som smittesporingsgruppa jobbar iherdig med. Fleire er inne tysdag inne til testing, og det er ulike trådar som må nøstast opp i.

Gol kommune har som følgje av dette bestemt seg for å innføre ein regel for kor mange gjester du kan ha på besøk. Det grepet det tok dei etter å ha fått opplysningar om at folk samlar seg.

Les også
Ulovleg å ha meir enn fem gjester i Gol: – Me får opplysningar om at folk samlar seg

No blir det altså også raudt nivå på skulen. Det betyr ikkje at alle elevane skal ha skule heimanfrå, men det blir kraftige innstrammingar.

I Utdanningsdirektoratets rettleiar for smittevern for vidaregåande skule står det at på raudt nivå skal skulen redusere talet på kontaktar gjennom skuledagen. Aller helst halvere.

Det er også strengare krav til avstand, både mellom elevar og tilsette. Moglege løysingar er å dele klassane opp i mindre grupper, ha ulik oppmøtetid eller oppmøtedag for elevane. Det kan vere delvis digital undervisning.

Det er opp til skulane sjølve å leggje ein plan, derfor er det skulen saman med kommuneoverlege og smitteverngruppa i Gol som vil avgjere kva som skjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Alarm i Gol etter ny smitte: Kriseleiinga ber foreldra om hjelp