Smittesporarane i Hemsedal har hatt mykje å gjere den siste veka.

No er ti smitta etter utbrot i Hemsedal - kommunen fekk ikkje beskjed

Ei sosial samling i Hemsedal enda med ti smitta, busett i fire ulike kommunar. Men ingen av dei fire kommunane gav beskjed til Hemsedal om kva som hadde skjedd.

Først torsdag vart kommunen klar over at det hadde vore ei sosial samling i bygda, som enda med eit smitteutbrot.

– Dette er ei kjempeutfordring. Me er avhengig av å samhandle på tvers av kommunar, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fann åtte andre smitta

Saka som dukka opp i Hemsedal torsdag, er nesten forvirrande. Ein person som hadde fått symptom, kom på legevakta for å teste seg. Prøvesvaret viste seg å vere positivt, og smittesporingsgruppa sette i gang med det vanlege sporingsarbeidet.

Les også
Nytt smittetilfelle i Hemsedal - 16 i karantene

Etter kvart som dei jobba, spora dei seg tilbake til ei sosial samling i Hemsedal sist helg. Då dei begynte å nøste opp i denne, viste det seg at så mange som åtte andre personar hadde testa positivt i etterkant av samlinga. Desse åtte er fordelt på fire andre kommunar.

Men - og her er kjernen i problemet: Ingen av desse fire kommunane hadde gitt beskjed til Hemsedal om at dei hadde fått smittetilfelle som var knytt til bygda.

– Då dei fann ut dette, burde dei gitt beskjed til oss. Men dei har berre konkludert med at den trulege smittevegen for deira tilfelle var Hemsedal, deretter avslutta saka. Utan å varsle oss, seier Underland.

Ingen av dei fire kommunane ligg i Hallingdal.

– Kunne gått under radaren

Dermed har altså Hemsedal hatt ei sosial samling ein plass i kommunen, som i alt har gitt ti smitta. Utan at dei visste om det før i dag.

– Om det ikkje var for det smittetilfellet de fekk i dag, hadde de kanskje aldri fått vite om dette?

– Teoretisk sett kunne det gått under radaren. Det er skremmande å tenke på, seier Underland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
120 timar smittesporing på fem dagar: - Såg ikkje heilt dette kome

Ho beskriv det heile som eit avvik. Det vil gå eit brev til kvar av desse fire kommunane som har unnlate å melde frå. Ein kopi vil gå til statsforvaltaren.

Smitta urovekkande lett

Då Hemsedal vart kjent med utbrotet torsdag, var ni personar smitta. Fredag tikka det inn nok eit positivt prøvesvar knytt til utbrotet. Det totale talet er altså så langt ti.

Det er ein ting som uroar kommuneoverlegen:

– Dette viruset har vore veldig smittsamt. Samlinga gjekk føre seg utandørs, og folk som var der har tilsynelatande hatt relativt god åtferd, seier Underland.

Les også
Ny person smitta i Gol - sat alt i karantene
Les også
Hytteturist i Ål koronasmitta - fyrste tilfellet sidan januar

Hemsedal har bede dei andre kommunane om å få analysert dei positive prøvene dei har fått. Det vil også Hemsedal gjere med sin.

I og med at så mange har blitt smitta under slike forhold, kan det vere greitt å undersøke om det kan vere noko anna enn den etter kvart velkjende britiske mutanten. Det finst andre mutasjonar som smittar endå lettare.

– Me har jo blitt van med den britiske, og veit korleis den fungerer. Men me har bedt om ein analyse, og håpar me får svar i løpet av nokre dagar, seier Underland.

Dei som har vore i kontakt med smittetilfellet i Hemsedal er kontakta, og fleire vart testa torsdag kveld. Alle hurtigtestar har vore negative. Smittesporingsgruppa har jobba seg to veker tilbake i tid, utan å finne nokon smitteveg i Hemsedal. Truleg har smitta dermed kome utanfrå, og ikkje spreidd seg i bygda. Likevel minner Underland folk om å ikkje nøle med å ta kontakt eller teste seg ved symptom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mykje smitte rundt om kring, og me får dette frykteleg nært på oss. No går me snart inn i påska, og det er viktig at alle tek kloke val.

Les også
To nye smitta i Hemsedal - begge knytt til same utbrot