Illustrasjonsbilete frå koronatesting.

To nye smitta i Hemsedal - begge knytt til same utbrot

Då dei to vart testa på dag sju i karanteneperioden, viste prøvene seg positive.

Eit smitteutbrot på ein byggeplass i Hemsedal har no fått totalt ti smitta. Det første tilfellet kom måndag for ei dryg veke sidan. I løpet av dei neste dagane kom det stadig fleire positive testsvar.

Til slutt stoppa talet på åtte koronasmitta. Kommunen greidde truleg å identifisere smittekjelda til å vere ein person busett i Hønefoss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fleire smitta i Hemsedal - familie nekta å reise heim frå fjellet

Når du er nærkontakt og blir testa, kan det vere du ikkje har fått symptom eller har smitte som slår ut på prøven enno. Derfor vart det i Hemsedal tatt ein test på dag sju av karantenetida.

Då viste det seg altså å vere to nye positive tilfelle.

– Desse sat alt i karantene, så saka er under kontroll og avklart, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Dei to tilfella var det femte og sjette i Hemsedal denne veka. Tidlegare tysdag kunne Hallingdølen melde om fire andre personar som har testa positivt. To av dei positive prøvene tilhøyrde ein familie som hadde testa seg i Oslo før dei reiste til fjells.

Dei to andre er tilfelle knytt til turistnæringa. Som følgje av desse to tilfella, vart 23 personar sett i karantene. Ingen av desse har testa positivt.

Les også
Nye nasjonale tiltak: To meter avstand, og ikkje meir enn to gjester