Helseminister Bent Høie (H) på ein av korona-pressekonferansane.

Nye nasjonale tiltak: To meter avstand, og ikkje meir enn to gjester

Dei neste vekene skal du halde to meter til folk rundt deg, bruke munnbind overalt og ikkje ha meir enn to gjester på besøk.

– Dei nye tiltaka vil bli oppfatta som ei innstramming der smitta er låg. I område der den er høg, har me alt strenge tiltak. Me veit dette vil vekke reaksjonar i område der det knapt har vore eit smittetilfelle, innleia helseminister Bent Høie tysdag kveld.

Les også
Fleire smitta i Hemsedal - familie nekta å reise heim frå fjellet

Då kom regjeringa med nye, nasjonale tiltak. Smittesituasjonen i Norge er utfordrande, den britiske mutanten herjar og det kjem stadig nye, lokale utbrot.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Viken har me alt tiltaksnivå 5A, som er det strengaste nivået. Derfor har me alt mange av dei tiltaka som heile landet no får. Men enkelte innstrammingar blir det også her. Helseministeren presiserte at dei nye tiltaka ikkje erstattar lokale, strengare tiltak.

Dette presenterte regjeringa tysdag:

Anbefalingar:

* Den eine meteren me er van med å halde til andre menneske, blir no til to. Heretter er det tometersregel som gjeld.

* Det er ikkje anbefalt å ha fleire enn to gjestar på besøk på hytter, fritidsbustad eller i din private heim. Barn eller dei som bur aleine kan ha besøk av ein eller to faste vener.

* Du bør avgrense talet på sosiale kontaktar så mykje som mogleg.

* Bur du i eit område med smitte, bør du ikkje ha overnattingsbesøk. Du bør heller ikkje overnatte borte. Det er unntak for barn og unge eller dei som bur aleine - dei kan ha overnattingsbesøk av ein eller to faste.

* Bruk munnbind overalt der det ikkje er mogleg å halde to meter avstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Bruk berre varehus og kjøpesenter i din eigen kommune.

Reglar:

* Det blir nasjonal skjenkestopp.

* Det er ikkje tillate med innandørs idrett eller fritidsaktivitetar for vaksne. Det er unntak for profesjonelle utøvarar.

* Treningssentre blir stengt, men kan holde opent for folk som bur i kommunen.

* Fornøyelsesparkar, svømmehallar, badeland og spaanlegg skal halde stengt.

* Alle tilsette skal jobbe heimanfrå der det er praktisk mogleg.

* Om du har vore utanlands på unødvendig reise, skal heile karantenetida brukast på karantenehotell.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Alle planlagte arrangement er anbefalt avlyst.

Dei nye tiltaka trer i kraft ved midnatt natt til torsdag, og gjeld fram til 12. april.

Når det gjelder påska, sa helseministeren tysdag at det er tillate å reise på hytta, men berre med folk frå din eigen husstand.

Les også
Hyttefolk reagerer på besøksforbod i påska
Les også
Berre lov med besøk av to gjester i Nesbyen
Les også
Forsvarar omstridd forbod: – Det er ein risiko for at me blir eit episenter