Det vart testa mange i Hemsedal måndag kveld. Dette biletet er frå koronatesting i Ål rett etter nyttår.

Fleire smitta i Hemsedal - familie nekta å reise heim frå fjellet

I løpet av det siste døgnet har fire personar testa positivt for koronaviruset i Hemsedal. To av dei er tilreisande, som ikkje ville reise heim då dei positive prøvesvara kom.

– Det er utfordrande når folk ikkje følgjer anbefalingane, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Derfor kan det no bli aktuelt i Hemsedal å gjere som Nesbyen - lage ei forskrift som gir heimel for å sende folk heim om dei blir sjuke eller sett i karantene mens dei er på besøk i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må rekne med at det kjem mykje folk oppover i påska, frå område der mange blir sett i karantene på grunn av det muterte viruset. Me har sett fleire gonger at folk ikkje alltid følgjer anbefalingane, seier Underland.

Ville ikkje reise

I dag er det nasjonale rådet at om du er i isolasjon eller karantene, eller ventar på prøvesvar, så skal du halde deg heime. Men Hallingdal har ved fleire høve sett at folk ikkje har følgd dette, og reist til fjells likevel.

Les også
Hyttefolk reagerer på besøksforbod i påska

I det ferske tilfellet frå Hemsedal var ein familie nærkontaktar til nokon som alt hadde fått bekrefta koronasmitte. Familien testa seg i Oslo, og reiste til fjells før svaret kom. Så fekk to av dei positivt svar.

– Dei nekta å reise heim. Då er det vår oppgåve å ta vare på dei, sjølv om anbefalinga er å reise, seier Underland.

To positive, 23 i karantene

Dei to positive prøvene var ikkje dei einaste som tikka inn hjå Hemsedal kommune måndag. Også to fastbuande, som jobbar innan turistnæringa, har testa positivt for viruset.

– Dette kravde ein del jobb måndag kveld. Me kontakta alle tilsette ved to arbeidsplassar, desse vart sett i karantene. Det dreier seg om 23 personar, fortel Underland. I tillegg til dei 23 vart også deira husstandsmedlemmer sett i karantene, slik regelen har blitt etter at det muterte viruset begynte å herje i Norge.

Les også
Forsvarar omstridd forbod: – Det er ein risiko for at me blir eit episenter

21 av dei 23 var i Hemsedal måndag, og vart testa på kvelden. Alle hurtigtestar var negative. No ventar kommunen på svar også på dei ordinære prøvene.

– Me trur me har ramma dette godt inn. Me er litt uroa over at me har spora to veker bakover i tid, utan å finne ein sikker smitteveg. Me oppmodar folk om å følgje nøye med, og ta raskt kontakt med oss om dei skulle merke symptom, seier Underland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan dei to jobbar i turistnæringa, er det likevel god sjanse for at smitta har kome frå nokon på besøk i kommunen.

– Det er truleg, sidan me ikkje har kjent smitte i vår eigen befolkning. Dei to har ikkje hatt mykje kontakt med folk utover arbeidsplassen, og dei tilsette der er testa.

Les også
Berre lov med besøk av to gjester i Nesbyen