Dette biletet er frå koronatesting i Nesbyen i fjor vår. Kommuneoverlege Nils Høva er den som testar.

No er åtte personar smitta etter utbrotet på byggeplassen

Eit smitteutbrot ved ein byggeplass i Hemsedal fortset å vekse. Så langt er åtte personar bekrefta koronasjuke.

– Det er ikkje uventa at det har kome fleire, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

– Men me ser at det var fornuftig av oss å ramme dette stort inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to ferskaste tilfella kom onsdag. Desse er det Underland kallar «innanfor sirkelen» - altså personar som dei visste om, og som alt var sett i karantene.

Starta måndag

Den første positive prøva i Hemsedal kom måndag. Kommunen handla raskt, og sette 40 personar knytt til byggeplassen i karantene. Hemsedal valde å teste alle som er heimehøyrande i deira kommune alt måndag kveld, med hurtigtest.

Det førte til to nye positive svar. Tysdag ettermiddag fekk dei ytterlegare to positive. I tillegg kom det melding frå ein annan kommune om at ein av deira innbyggarar hadde fått positivt svar. Også denne vart spora tilbake til byggeplassen.

Les også
Ny person smitta i Gol: - Smittekjelda er kjent

Som følgje av dette hamna rundt 80 personar i karantene, 40 av desse i Hemsedal. I alt er 11 ulike kommunar råka av utbrotet. I Hallingdal dreier det seg om Gol og Ål. Det har ikkje kome melding frå nokon av desse om at dei har fått positive prøvesvar.

Nærmar seg ei løysing

Onsdag kom det altså melding om endå to nye smittetilfelle. Det betyr at utbrotet totalt har gitt åte smitta. Fem av dei som har fått positive prøver, er knytt til same firma. Dei tre andre tilhøyrer tre ulike firma.

Hemsedal har jobba intenst med smittesporing, og nærmar seg no ei løysing på den opphavlege smittekjelda.

– Me trur smitta kjem frå ein person som er heimehøyrande i Hønefoss. Det har vore mykje smitte på Ringerike. Me meiner det kjem derifrå, seier Underland.

Les også
Berre to kommunar i Hallingdal var «mot» dei strenge tiltaka: - Vår meining har ikkje nådd fram

Det er førebels ikkje bekrefta om det er den britiske mutanten som har herja byggeplassen, men sidan den står for det meste av smittetilfella på Austlandet no, er det høgst truleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smitterekord

Smittesituasjonen i Norge nådde onsdag nye høgder. Det såkalla R-talet har auka til 1,4. Den tredje smittebølgjen har for alvor råka, og det vart sett ny smitterekord i Norge tysdag. Då vart 1150 personar registrert smitta.

– No sett me rekordar me ikkje ønsker å setje. Me er inne i ein tredje bølgje, sa helseminister Bent Høie på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.

Les også
Byggeplass-utbrotet veks: No er seks personar smitta