38 personar har blitt testa i Hemsedal dei siste to dagane. Her eit illustrasjonsbilete frå testing i Ål.

Byggeplass-utbrotet veks: No er seks personar smitta

I løpet av tysdag har koronautbrotet ved ein byggeplass i Hemsedal vakse. No er i alt seks personar bekrefta smitta av viruset.

– Det er førebels ikkje noko som tydar på at dette har forgreina seg vidare, men det er det me er uroa for kan skje, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Klokka 19 tysdag var status slik i Hemsedal:

Artikkelen held fram under annonsen.

Seks personar knytt til byggeplassen er bekrefta sjuke. Fire av desse er busett i Hemsedal, to høyrer heime i kommunar utanfor Hallingdal. Totalt er cirka 80 personar sett i karantene, 40 av desse i Hemsedal. I alt er 11 ulike kommunar råka av utbrotet. Blant dei er Gol og Ål.

Slik starta det

Den første positive prøva i Hemsedal kom måndag. Kommunen handla raskt, og sette 40 personar knytt til byggeplassen i karantene. Hemsedal valde å teste alle som er heimehøyrande i deira kommune alt måndag kveld, med hurtigtest.

Det førte til to nye positive svar, og endå fleire i karantene.

Les også
— Er det nokon som forstår logikken i dette?

Men i tillegg til hurtigtest, tok Hemsedal også ordinær koronatest på alle saman. Svara på desse begynte å kome inn tysdag ettermiddag.

Der viste det seg å vere ytterlegare to positive.

I løpet av dagen kom det også beskjed frå ein annan kommune - ein av deira innbyggarar hadde fått positivt svar.

– Me har vore i dialog med både Gol og Ål i dag, som har ein del i karantene som følgje av dette. Ingen av dei har fått positive svar på hurtigtestar i løpet av dagen, fortel Underland.

Truleg mutert

Det er førebels ikkje bekrefta om det er den britiske mutanten som har herja byggeplassen, men sidan den står for det meste av smittetilfella på Austlandet no, er det høgst truleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Barn under to år koronasmitta: – Må vere obs på alle teikn til sjukdom

Smittesporarane i Hemsedal jobbar på høggir, men kva den opphavlege smittekjelda er, veit dei førebels ikkje.

– Fire av dei smitta tilhøyrer same firma. Det begynner å teikne seg eit bilete. Dei to andre tilhøyrer to ulike entreprenørar, seier Underland.

Ho meiner dei har kontroll på utbrotet så langt.

– Me trur me har gjort mykje rett med å ramme det inn så stort som me har gjort. Me har vore i dialog med FHI for å sikre at det me har gjort er rett, seier ho.

Byggeplassen vart stengt så fort det første positive smittetilfellet vart kjent.

Det er venta fleire prøvesvar både tysdag kveld og onsdag, så det vil gå ein dag eller to før Hemsedal for alvor får oversikt over utbrotet.

Les også
«Av alle dumme tiltak og reglar ... DETTA tar vel kaka?»