Det har kome fleire spreidde tilfelle av koronasmitte i Gol dei siste vekene, men ingen av dei har fått store ringverknader.

Ny person smitta i Gol - sat alt i karantene

Tilfellet har samanheng med ein tidlegare koronasmitta i kommunen.

– Det er relasjon til eit tidlegare tilfelle, så vedkommande sat alt i nærkontakt-karantene, fortel kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam til Hallingdølen onsdag kveld.

Testen vart tatt måndag, og no er altså svaret kome. Sidan personen alt var i karantene, utløyser ikkje tilfellet nokon vidare sporingsjobb.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har god oversikt og kontroll her, det er ingen fare for vidare smitte, seier Thurainayagam.

Smittetilfellet onsdag er det femte på under to veker i Gol. Dei fleste av dei tidlegare tilfella har hatt samanheng med kvarandre, og har ikkje fått store konsekvensar i kommunen.

Les også
Hytteturist i Ål koronasmitta - fyrste tilfellet sidan januar
Les også
Hotell på Golsfjellet stenger - permitterer alle på kort varsel
Les også
To nye smitta i Hemsedal - begge knytt til same utbrot