Dette biletet er frå testing ved legevakta i Ål i januar.

Hytteturist i Ål koronasmitta - fyrste tilfellet sidan januar

Personen vart sjuk i løpet av helga, og fekk positivt testsvar tysdag.

Smittetilfellet er det første i Ål sidan slutten av februar, då fleire medlemmer i ein husstand vart sjuke mens dei var på besøk i kommunen.

Ifølgje kommuneoverlege Toril Bøyum kom den smitta til Ål på fredag. I løpet av helga begynte vedkommande å kjenne seg sjuk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart derfor tatt ein test måndag, og i går kom det positivt svar på prøva.

Personen var ikkje i karantene, men har likevel ikkje vore i kontakt med nokon i Ål kommune. Derfor er det berre eit husstandsmedlem som er sett i karantene, ingen fleire.

Den smitta sit no i isolasjon på hytta.

Les også
Fleire smitta i Hemsedal - familie nekta å reise heim frå fjellet

Smittesituasjonen i Norge er krevjande. Tysdag vart det registrert 1085 nye smittetilfelle i landet, 429 i Oslo. Men sjølv om det er høge tal, er ikkje auka så stor som myndigheitene hadde frykta den skulle vere.

Det er innført strenge tiltak på stader der smitta er høg, mellom anna gjeld dette Oslo og Viken. Tysdag kveld kom regjeringa med nye innstrammingar, som gjeld for heile landet.

Mellom anna dreier det seg om nasjonal skjenkestopp, og eit klart råd om å ikkje ha besøk av fleire enn to gjester.

Les også
Nye nasjonale tiltak: To meter avstand, og ikkje meir enn to gjester