Kommunen ber besøkande i Skarslia Ski og Akesenter tysdag om å melde seg. (Arkivfoto).

Smitte oppdaga i skisenter i Ål - ber folk som var der tysdag om å melde seg

To personar som har testa positivt for koronaviruset var i Skarslia skisenter i nokre timar tysdag. No prøver kommunen å nå ut til andre som var i anlegget i same tidsrom.

Det er snakk om tysdag 23. februar, mellom klokka 11.00 og 13.30.

– Me ønsker at folk som veit dei var der då tar kontakt med legekontoret, seier kommuneoverlege i Ål, Toril Bøyum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må halde seg i ro

Dei to positive testsvara kom fredag. Då måtte kommunen hive seg rundt, dei sende mellom anna ut SMS til alle innbyggarar om det som hadde skjedd.

– Me vil at folk som var i skisenteret i det tidsrommet skal oppføre seg som de er i karantene. Ta kontakt med oss. Det er usikkert kven som kan tenkast å vere nærkontaktar her, så me treng at folk held seg i ro, seier Bøyum.

Les også
Tre smitta av det muterte viruset i Gol - reiste på hytta for å sitje i isolasjon

Særleg dei som var i kafeen bør vere merksame og melde seg.

Det er førebels ikkje sett nokon i karantene som følgje av dei ferske smittetilfella. Dei skal ha få nærkontaktar utover det som mogleg kan ha skjedd i Skarslia.

Ski- og akeanlegget i Skarslia held for øvrig opent som vanleg.

Alle blir testa

Det er rekna at det er snakk om det muterte viruset i dette tilfellet. Det har samband med kor dei to kan ha plukka opp smitte. Det har skjedd i eit område med kjent mutert virus.

Les også
To smitta og 38 i karantene etter privat fest: Ville ikkje hjelpe smittesporarane

Alle som melder seg som har vore i skisenteret i desse timane tysdag, vil bli testa.

Tilfella i Ål er langt frå dei første smittetilfella i Hallingdal denne veka. Også Hol, Nesbyen, Hemsedal og Gol har fått positive prøver på bordet. Det har kommunane vore budd på i desse vinterferievekene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har tatt høgde for at dette kunne skje, seier Bøyum.