Det er mykje folk i Hemsedal denne veka.

To smitta og 38 i karantene etter privat fest: Ville ikkje hjelpe smittesporarane

Ein stor fest på ei hytte i Hemsedal førte til to smittetilfelle av det som truleg er mutert virus. No ser kommunen seg nøydd til å ta drastisk grep.

– Me opplever at dei oppfordringane som har kome frå myndigheitene ikkje blir følgt, seier ordførar Pål Rørby til Hallingdølen.

Dei siste dagane har Hemsedal fått fire nye tilfelle av koronasmitte. Truleg er det snakk om det britiske muterte viruset.

Artikkelen held fram under annonsen.

No strammar kommunen til. Klokka 14 fredag trer ei ny forskrift i kraft i Hemsedal: Det blir forbode å ha private samlingar med meir enn fem gjestar. Forskrifta vil vare til 8. mars, altså over vinterferien.

Her er den nye forskrifta i Hemsedal:

Det er kun tillate med 5 gjester i private samlingar. Dersom alle gjestene kjem frå same husstand kan ein vere fleire, men det må vere mogleg å halde forsvarleg avstand.

Det kun tillate å arrangere eller delta på private samlingar i lokale som er dimensjonert slik at alle deltakarane kan holde minst éin meters avstand.

Forskriften trer i kraft fredag 26. februar 2021 kl. 14.00 og gjeld til og med 8. mars 2021.

To smitta, 38 i karantene

Ifølgje dei sosiale anbefalingane frå myndigheitene bør me redusere kor mange personar me har kontakt med, og me skal helst ikkje ha besøk av fleire enn fem gjestar i tillegg til husstandsmedlemmar. Dette er ikkje ein regel, men ei anbefaling. Dei siste dagane har kommunen ved fleire høve opplevd at gjestar har gitt blaffen i anbefalinga.

Det har vore fleire store festar, og der også personar som skulle vore i karantene har deltatt.

Les også
Tre smitta av det muterte viruset i Gol - reiste på hytta for å sitje i isolasjon

Dei to siste smittetilfella i Hemsedal stammar begge frå eit større sosialt lag. Ein fest på ei privat hytte. Det har ført til at 38 personar er sett i karantene. Ikkje nok med det: Alle husstandsmedlemmar av dei 38 er også sett i såkalla «ventekarantene». Det betyr at dei må halde seg i ro inntil alle prøvesvar er klare.

– Det er mest truleg snakk om det muterte viruset. Rammene rundt desse tilfella er truleg avklart no, men me ventar framleis på nokre prøvesvar, sa ordførar Rørby fredag formiddag.

Les også
Hotellgjest smitta - i full gang med smittesporing

Kommunen fortvilar over gjester i Hemsedal som ikkje bryr seg om anbefalingane om kor mange som kan samlast. Men så lenge det ikkje er ein klar regel som blir brote, har verken dei eller politiet heimel til å avbryte festar eller andre samlingar. Det er derfor dei no ser seg nøydd til å innføre ei forskrift, slik at det blir mogleg å med lova i hand stoppe slike situasjonar.

– Dette handlar om fridom under ansvar. Me trenger ikkje legge oss på strengare restriksjonar enn dei nasjonale så lenge folk følgjer anbefalingane. Men når me ser at desse ikkje blir respektert, må me trå til hardare. Særleg når me veit at me har det muterte viruset i dalen, seier Rørby.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ville ikkje hjelpe

Då det eine smittetilfellet i Hemsedal vart kjent onsdag starta ein større smittesporingsjobb. Den var knytta til det sosiale laget. Her støtte smittesporarane på eit uventa hinder:

– Dessverre var det nokon som ikkje var særleg hjelpsame med å bidra med opplysningar. Det var ikkje lett å få informasjon om kven folk hadde vore saman med og kor dei hadde vore, seier Rørby.

– Det har sjølvsagt gjort jobben mykje tyngre og meir krevjande for sporingsgruppa. Det skaper eit stort press på dei lokale ressursane når folk ikkje ønskjer å bidra.

Les også
Smitte oppdaga i skisenter i Ål - ber folk som var der tysdag om å melde seg

Han fortel at smittesporarane til saman har brukt rundt 50 timar for å få kontroll på situasjonen.

Fleire kan følgje etter

Me er midt i vinterferien, og Rørby trur helga som kjem vil bli krevjande om ikkje folk tek meir ansvar:

– Folk må ta seg litt saman no. Den nye forskrifta er eit grep på vegen for å hindre store samlingar av menneske.

Hemsedal sende fredag ei melding til statsforvaltaren der dei fortalde om si uro, og eit varsel om forskrifta som no kjem. Det er venta at fleire kommunar i Hallingdal kan kome til å gjere som Hemsedal, og vedta same avgrensing i tal på gjestar.

Les også
Person i karantene reiste på hytta - vart deretter sjuk
Les også
Tre smitta i Hol: Reiste til fjells før dei hadde fått testsvar
Les også
Har fått bekrefta smitte av det muterte viruset
Ordførar Pål Rørby har hektiske dagar.