Kommuneoverlege i Gol, Jagannivasan Thurainayagam.

Tre smitta av det muterte viruset i Gol - reiste på hytta for å sitje i isolasjon

Tre personar testa seg for koronaviruset og reiste til Gol for å isolere seg.

Kommunen fekk beskjed om dette torsdag kveld.

– Den eine av desse er bekrefta smitta av mutert virus, kva for type er ikkje kjent, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tøyer reglane

Fenomenet er ikkje ukjent: Den siste tida har både Nesbyen, Hemsedal og Hol opplevd å få tilreisande som eigentleg skulle halde seg heime i karantene, isolasjon eller i påvente av prøvesvar. Det har skapt utfordringar for kommunane, og måndag sende Hemsedal eit tydeleg brev til statsforvaltaren om uroa rundt denne praksisen.

Les også
To smitta og 38 i karantene etter privat fest: Ville ikkje hjelpe smittesporarane

Det resulterte i at helsedirektør Bjørn Guldvog på ein pressekonferanse onsdag presiserte at om du er i isolasjon, karantene eller ventar på testsvar: Hald deg heime.

Likevel har Gol fått ein situasjon denne veka, med tre personar som har isolert seg på hytta.

– To av dei er utan symptom. Ein har symptom på forkjøling, men er stabil, fortel Thurainayagam.

Isolasjon er isolasjon

Personane testa seg ein annan plass før dei reiste til Gol. Dei har ifølgje Thurainayagam halde seg isolert, og ikkje vore i kontakt med nokon. Det blir såleis ingen lokale følgjer av episoden.

– Når det er sagt så må eg presisere at når ein tek ein test fordi ein mistenker smitte, er det streng isolasjon som gjeld fram til situasjonen er avklart. Isolasjon betyr isolasjon, ingen diskusjon, seier han.

Les også
Smitte oppdaga i skisenter i Ål - ber folk som var der tysdag om å melde seg

Det er altså ikkje snakk om å kunne flytte på seg om ein har fått beskjed om karantene eller å isolere seg.

– Det er mykje som kan skje på vegen, og ein set andre i unødvendig fare. Heldigvis tydar det på at det har gått bra i dette tilfellet, men det er berre flaks.