Det har vore mykje å jobbe med for smittesporarane og testarane i Hemsedal dei siste dagane. Dette biletet er frå koronatesting i Ål.

Nytt smittetilfelle i Hemsedal - 16 i karantene

Hemsedal får stadig nye smittesituasjonar å handtere. Onsdag tikka det inn nok eit positivt prøvesvar.

Det er trass alt mindre enn måndag og tysdag, då kommunen klokka inn til saman seks nye smitta. Blant desse to tilreisande, som nekta å reise heim sjølv om dei vart anbefalt å gjere det.

16 i karantene

Onsdag fekk Hemsedal eit nytt smittetilfelle, nummer sju så langt denne veka. Personen er fastbuande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– 16 personar er sett i karantene. Alle som høyrer heime i Hemsedal, 6-7 personar, har testa negativt med hurtigtest i kveld, seier kommuneoverlege Camilla Underland til Hallingdølen ved 22-tida onsdag.

Les også
Ny person smitta i Gol - sat alt i karantene

Ifølgje ho har kommunen oversikt over smittekjelda. Den smitta er nærkontakt til ein som har testa positivt i ein annan kommune med høgt smittetrykk.

– Situasjonen per no er under kontroll. Alle nærkontaktar som måtte kontaktast, er kontakta, seier Underland.

Seks tilfelle på to dagar

Hemsedal har hatt litt å drive med dei siste dagane. I løpet av måndag og tysdag vart heile seks personar bekrefta smitta. To av dei var dei tilreisande som nekta å reise heim.

To andre smitta er knytt til turistnæringa i bygda. Som følgje av desse to positive prøvene vart 23 personar sett i karantene.

Dei to siste er knytt til byggeplass-utbrotet som Hemsedal fekk for eit par veker sidan.

Les også
Hytteturist i Ål koronasmitta - fyrste tilfellet sidan januar