Kommunalsjef for helse og omsorg i Ål kommune, Borghild Ulshagen , er svært letta over at prøvene var negative.

Ikkje koronasmitte ved helsetunet i Ål

Karantenen ved Ål Bu- og behandlingssenter er oppheva. Det er ikkje påvist koronasmitte ved institusjonen.

I dag, onsdag, kom svaret. Koronaprøvene som vart sendt måndag var negative. – Dette er godt nytt. Me er utruleg glade og letta, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Ål kommune, Borghild Ulshagen, til Hallingdølen.

Full koronaalarm

Måndag vart det slått full koronaalarm ved bu- og behandlingssenteret. Ei avdeling og nokre hyblar vart sett i karantene. Tiltaka omfatta i underkant av 20 pasientar. Bakgrunnen var at ein av dei tilsette hadde vore i kontakt med ein person som var smitta. Dermed vart det slått full koronaalarm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den tilsette vart sett i karantene heime, pasientane ved avdelinga vedkomande jobba på fekk beskjed om å halde seg på romma sine, det vart innført besøksforbod og dei tilsette tok i bruk smittevernutstyr.

Ei avdeling ved Ål Bu- og behandlingssenter var stengt på grunn av mogeleg koronsmitte. No viser prøva negativt resultat.

Spente og bekymra

Ifylgje Ulshagen vart det sendt inn to smitteprøver. Begge var negative. Dermed kunne Ulshagen, dei tilsette og pasientane pusta letta ut.

- Me har vore spente og bekymra. Å få koronasmitte inn i ein institusjon med sjuke og gamle er noko av det verste som kan skje. Me er difor svært letta. Me har fått eit pusterom for neste runde. Og ikkje minst nyttige erfaringar. Både med omsyn til bruk av utstyr og personellsituasjonen. For dette er ikkje over, understrekar Ulshagen.

Bevege seg fritt

Alle koronatiltaka er no oppheva. Pasientane kan bevege seg fritt. Dei tilsette brukar ikkje lenger smittevernutstyr og pasientane kan få ta imot besøk. Men Ulshagen ser ikkje bort frå at det kan bli innført generelle besøksrestriksjonar for heile bu- og behandlingssenteret. Dette er noko ein vil ta stilling til i løpet av dagen.

- Me må gjera alt som gjerast kan for å beskytte pasientane våre. Besøksrestriksjonar kan difor bli aktuelt. Alle som skal besøke Ål helsesenter må vurdere sin eigen helsetilstand før dei går på besøk.

Ros til tilsette og pasientar

- Korleis har det vore for dei tilsette og pasientane dei siste dagane?

- Det er klart det har vore spesielt. Dette er noko ingen av oss har opplevd før. Samstundes har det vore eit stort arbeidspress på dei tilsette. Men dei har gjort ein fantastisk jobb. Vore framoverlent og tenkt gode løysingar, seier Ulshagen og legg til;

- Pasientane skal også ha ros. Dei har det tatt det svært fint og synt stor forståing. Å bli sett i karantene er ein spesiell situasjon. Det var difor stor jubel på avdelinga då prøveresultata låg føre. No er me komne attende til ein tilnærma normaltilstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ein person i Hemsedal har fått påvist koronasmitte
Les også
Første tilfelle av koronasmitte påvist i Hallingdal
Les også
Skuleklasse ved Ål vgs er sett i karantene
Les også
Skuleklasse ved Gol vgs. må i koronakarantene
Les også
Slarverennet er avlyst: — Det er veldig trist