Illustrasjonsbilete: Hyttefelt.

Hyttefolket reiser: 14.000 færre i Hallingdal sundag

Ferske tal syner at me stadig blir færre menneske i regionen.

Sundag klokka 21.30 vart det registrert 38.891 personar i Hallingdal. Det er ein nedgang på over 14.000 sidan fredag kveld. Då vart det registrert 53.480 personar her.

Slik har folketalsutviklinga vore i Hallingdal dei siste døgna (ein må legge til seks prosent for å få riktig tal):

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag:

Klokka 18.00: 53.480 personar.

Laurdag:

Klokka 11.00: 51.014 personar.

Klokka 17.45: 49.304 personar.

Klokka 21.30: 47.792 personar.

Sundag:

Klokka 08.30: 44.551 personar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 09.45: 44.627 personar.

Klokka 16.00: 41.042 personar.

Klokka 21.30: 38.891 personar

Det faste innbyggartalet i Hallingdal er på rundt 20.000 menneske. Dei siste dagane har det vore eit enormt fokus på å få hyttefolk til å reise heim, med vekslande hell. Kommunane har sjølve innstendig bede folk reise, og nasjonale myndigheiter har tatt grep.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Sundag vedtok regjeringa ei ny forskrift som gjer at dei kan forby folk å opphalde seg på hytta. Det er også eit alternativ å sette i sving Sivilforsvaret, for å gå frå dør til dør og be folk reise heim.

Dei ferske tala som no har kome frå beredskapsrådgjevar i Hol og Ål, Espen Bille-Larsen, syner at nedgangen er jamt fordelt på dei ulike kommunane.

Les også
Helseministeren: Forbyr folk å vere på hytta
Les også
Går ut mot butikk-råd: - Slik kan me ikkje ha det i Hallingdal
Les også
Mistanke om koronasmitte ved Ål legekontor