I 1993 gav Karen-Christine «Kim» Friele og Wenche Lowzow kvarandre lyfte om å halde saman resten av livet. - For oss var den juridiske tryggleiken den viktigaste. Kjærleiken må ein ta vare på sjølv.

Homopioner Kim Friele er død, 86 år gammal

Kim Friele, som gjennom store delar av sitt liv kjempa for rettane til homofile, er død. Ho vart 86 år.

Gjennom heile dagen har innsatsen hennar for homofile og minoritetar blitt lyfta fra. Regjeringa følgjer opp med å bestemme at Friele blir gravlagt på statens kostnad. I Hallingdal minnest både naboar og personar knytt til homorørsla det store mennesket.

– Ein stor personlegdom, seier Haugastøl-nabo Eldbjørg Kaupang.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg lever eit godt, trygt og ukomplisert liv som homofil. Og det hadde ikkje kome utan at nokon stod i kampen, seier Sølve Sundrehagen.

– Døydde fredeleg

Kim Friele døydde fredeleg måndag kveld. Det opplyser hennar næraste pårørande, Else Hendel, til NTB. Hendel er grandniese til Wenche Lowzow, som var gift med Kim Friele fram til Lowzow gjekk bort i 2016.

Karen-Christine Friele, betre kjent som Kim Friele, vart fødd 27. mai 1935 i Bergen. Ho var gjennom store delar av sitt liv sentral i kampen for rettane til homofile, og ho bidrog sterkt til at seksuell omgang mellom menn vart avkriminaliserte i 1972.

Les også
Kronprinsessa rørt til tårer av Kims kamp

Flytta til Haugastøl

I 1993 gav Wenche Lowzow og Karen-Christine «Kim» Friele kvarandre sitt ja som partnarar. Dei var det fyrste lesbiske paret som inngjekk partnerskap. Seremonien skjedde i Oslo, med hovudpersonane i hallingstakk.

I 1990 flytta Lowzow og Friele til Haugastøl i Hol og budde der i vel ti år, til dei kjøpte seg leilegheit på Geilo.

– Eg prata med dei nesten dagleg den tida dei budde på Haugastøl. Wenche og Kim var to fantastiske personlegdomar, omgjengelege og engasjerte. Det er trist at begge no er borte, seier Eldbjørg Kaupang, turistvertinne på Haugastøl.

– Det er trist at Kim Friele no er borte, seier Eldbjørg Kaupang ved Haugastøl turistsenter.

Nye impulsar

Friele var Norges første og mest kjende homoaktivist og Lowzow var den første stortingsrepresentanten som stod fram som homofil.

– Eg visste ikkje kven dei var, men dei søkte raskt kontakt med oss som var fastbuande. Det tok litt tid før eg skjøna kva kampar dei hadde stått i, seier Kaupang. På 1990-talet dreiv ho postkontoret på Haugastøl stasjon. Det var ein samlingsplass, der paret kom for å hente post og aviser. I denne perioden var Kim Friele framleis aktiv som skribent og samfunnsdebattant.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ære for innsats i homokampen

– Det var full fres. Det var to politisk engasjerte damer, og særleg Kim jobba mykje med å skrive i denne perioden, seier Kaupang.

– Kom det nye impulsar til Haugastøl med det profilerte paret?

– Begge hadde store selskap på turistsenteret når dei feira runde tal. I bursdagsfestane kom det nye folk og impulsar til Haugastøl. Men i kvardagen var Wenche og Kim mest for seg sjølv. Det var kanskje også difor dei valde å busetje seg på Haugastøl, seier ho.

– Ho var ein gallionsfigur

– Eg lever eit godt, trygt og ukomplisert liv som homofil. Og det hadde ikkje kome utan at nokon stod i kampen. For oss som er unge, er dette lett å gløyme. Kim Friele var den som gjekk i front. Ho var ein gallionsfigur for homokampen i Norge. Og ho minner meg på at like rettar ikkje kjem av seg sjølv. No er det andre som må ta den jobben, seier Sølve Sundrehagen, mannen bak podcast-serien «Ut av skapet».

Sølve Sundrehagen frå Ål var i fjor aktuell med ein podcastserie med skeive historier.

Det tok femti år med homokamp å oppnå dei rettane homofile i Norge har i dag.

– Slike ting tek lang tid å byggje opp, men er raskt å rive ned. Viss me ser rundt oss i Europa, blir homofile sine rettar innskrenka i mange land. Kim Friele var den stemma og det ansiktet som minna meg på at kampen må kjempast vidare, at eg aldri må slutte å rope høgt. Det handlar ikkje om at homofile skal ha meir enn andre, men at me skal få dei same rettane som andre tek for gitt, seier han.

– Viktig samfunnsaktør

Kim Friele var ein sentral aktør i dei store samfunnsendringane som har påverka homofile sine liv dei siste 50 åra.

– Då Kim Friele kom inn på scenen tidleg på 60-talet var homoseksualitet sett på som kriminelt. Det var synd, sjukdom og perversitet. Friele var rett person på rett plass til rett tid. Full av pågangsmot, og med sjølvtillit både på eigne vegne og på saka sine vegner. Ho var ein sentral aktør for å drive fram endringar, og vart også eit symbol for dei endringane som har skjedd, seier Tone Hellesund, professor i kulturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kim Friele seier farvel til si private samling med dokument over norsk homohistore og lukkar døra til varebilen som skal frakte arkivet til Bergen. Førstebibliotekar Tone Hellesund ved Universitetsbiblioteket i Bergen (t.v.) og NRK sitt filmteam (t.h.).

– Ho var smart politisk og jobba målretta med å endre korleis samfunnseliten oppfatta homofile. Samtidig hadde ho eit hjarta for dei som sleit. Ho mottok tusenvis av brev frå lesbiske og homofile som hadde det vanskeleg og ho var ein viktig støttekontakt for mange. Personleg hugsar eg henne som ein samansett og kompleks person. Kombinasjonen av stridbarheit og sårbarheit gjorde livet vanskeleg. På sine eldre dagar syntest ho det var vanskeleg å måtte gje slepp på det arbeidet ho hadde via livet til, seier Hellesund.

Historisk person

Friele vart første leiar for DNF-48, organisasjonen som i dag har blitt til foreininga FRI. Som leiar i DNF-48 kjempa ho for at samfunnet skulle sjå skeive som likeverdige borgarar.

– For Kim Friele var det å vere synleg eit verkemiddel i denne kampen, seier Hellesund.

Professor Tone Hellesund (t.v.) var prosjektleiar for Skeivt Arkiv då Universitetsbiblioteket i henta Friele (i bakgrunnen) sitt arkiv på Geilo.

Gjennom heile sitt vaksne liv samla Friele tjukke permar med korrespondanse med kyrkja, stortingspolitikarar og psykiatrar. Denne samlinga står i dag i Skeivt Arkiv ved Universitetet i Bergen.

Les også
Friele er verdsarv

– Kim Friele er grunnsteinen i arkivet. Utan Friele-arkivet hadde materialet om homokampen blitt borte for ettertida, seier Hellesund.

– Gav mykje av seg sjølv

Ordførar Petter Rukke (Ap) hugsar Friele som ein markant figur i gatebiletet på Geilo, ei dame som det var interessant å møte og å prate med.

– Ho var ei dame som verkeleg stod for noko. Ho stod i kampen og opna dører for norske homofile. Det ho stod for var eit viktig bidrag til å auke toleransen også i lokalsamfunnet. Eg hugsar henne som ei dame som gav mykje av seg sjølv, seier Rukke.

Karen-Christine Friele vart utnemnt til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2000. Etter utnemninga vart ho tatt imot med blomar på Ustaoset stasjon.

– Minnest med takksemd

Statsminister Jonas Gahr Støre minnest Kim Friele med djup takksemd. – Ho gjekk føre i kampen for homofile rettar og gjorde samfunnet rausare og meir inkluderande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med mot, kraft og varme stod ho på barrikadane for rettferd og vann fram, mellom anna då seksuell omgang mellom menn vart avkriminaliserte i 1972, skriv statsministeren (Ap) i ei fråsegn til NTB.

Kim Friele i samtale med kronprisesse Mette Marit og Ola Henmoe på Gol bibliotek i samband med litteraturtoget i 2016.
Les også
Portrett av homokampens fyrstedame
Les også
– Til slutt vil fornufta sigre
Les også
Snart kan du oppleva «Kim F» på teaterscena