Professor Tone Hellesund og direktør Ole Gunnar Evensen ved Universitetsbiblioteket i Bergen vil gjere Friele sitt arkiv tilgjengeleg for historikarane. I fjor haust henta dei arkivet til Bergen. Tysdag vart arkivet innlemma i Norges dokumentarv. (Arkivfoto
Professor Tone Hellesund og direktør Ole Gunnar Evensen ved Universitetsbiblioteket i Bergen vil gjere Friele sitt arkiv tilgjengeleg for historikarane. I fjor haust henta dei arkivet til Bergen. Tysdag vart arkivet innlemma i Norges dokumentarv. (Arkivfoto

Ære for innsats i homokampen

– Dette gir stor ære til innsatsen Kim Friele har lagt ned for å endre den norske historia.

Det seier professor Tone Hellesund ved Universitetet i Bergen.

Ho var prosjektleiar for Skeivt arkiv då Friele sitt arkiv vart henta frå Geilo og plassert i samlinga til Universitetsbiblioteket i Bergen i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag vart Frielearkivet ein del av Norges dokumentarv. Det skjedde på ei høgtidleg tilstelling i regi av Kulturrådet i Oslo. Hellesund var til stades for å ta imot beviset på vegner av Universitetet i Bergen.

Norges dokumentarv er den norske delen av UNESCO si verdsarvliste.

Til saman er det 91 dokument eller arkiv i registeret. Frielearkivet er eitt av 29 nye arkiv i Norges dokumentarv.

Lista rommar alt frå Norges eldste brev til minnematerialet som vart samla inn frå Oslo Domkirke, Utvika, norske utanriksstasjonar og kommunar etter 22. juli-terroren.

Arkivet til Kim Friele blir trekt fram som viktig, fordi det dokumenterer nyare norsk dekkjer eit område som tidlegare ikkje har vore med. Blant dokumenta er det sakspapir, avisutklipp, kassettopptak av radiodokumentarar, videoopptak frå nyare tid og korrespondanse med offentlege personar som Friele har tatt vare på gjennom meir enn 60 år som homoaktivist.

– Dette er ei stor anerkjenning av innsatsen Kim Friele. For Skeivt arkiv er det også ei anerkjenning av at skeiv historie er ein viktig del av den norske kulturhistoria, seier Hellesund. Ho håpar statusen vil gjere det lettare å få inn pengar til å arbeide med arkivet.

– Det er utruleg lite forsking som er gjort på dette feltet. Berre i det arkivmaterialet me har fått inn til no, ligg det stoff til mange masteroppgåver, seier Hellesund.