Kronprinsesse Mette-Marit i bokbad med homoaktivist Kim Friele og biografen hennar Ola Henmo på Gol bibliotek.
Kronprinsesse Mette-Marit i bokbad med homoaktivist Kim Friele og biografen hennar Ola Henmo på Gol bibliotek.

Kronprinsessa rørt til tårer av Kims kamp

– Du er eit av mine store førebilete, og ei kvinne som har gjort Norge til eit klokare og rausare land, seier kronprinsesse Mette-Marit til Kim Friele.

Litteraturtoget handlar om å spreie lesarglede og å få folk til å lesa meir. Og som kronprinsesse Mette-Marit seier, det finst ei bok for alle.

Denne gongen gjekk litteraturtoget frå Bergen til Oslo med utanforskap som tema. Torsdag stoppa toget på Voss, før Gol stasjon stod for tur. For på Gol bibliotek var det klart for litterær samtale mellom kronprinsessa, homoaktivisten Kim Friele og biografen hennar Ola Henmo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folksamt perrongen

For ordførar i Gol, Heidi Granli, var ikkje dette akkurat kvardagskost. Ho er spent medan plassen blir fylt opp med folk kring den raude løparen i solsteika, før toget rullar inn på perrongen.

– Me som bygd er heldige som får vera vertskap. Dette er jo ein kjempesjanse til å syne fram bygda vår. Tema utanforskap er jo noko me har fokus på i kommunen. Slik sett er det flott at biblioteket kan vera ein sosial samlingsplass der ein tek opp tema som aukar folks kunnskap og hjelper oss til å bli meir reflekterte, seier Granli.

Fleire småjenter i flotte kjolar har også kome for å sjå. Det er jo ikkje kvar dag ein får møte ei ekte prinsesse.

Litteraturtoget med kronprinsesse Mette-Marit på Gol stasjon. Her vart ho teken i mot av fylkesmann i Buskerud, Helen Bjørnøy (f.v.), politimeister Christine Fossen og ordførar i Gol, Heidi Granli. Tilde Myren Lien og Hedda Elise Røysi Kaslegard, elevar ved Gol kulturskule var på plass for å kvede for kronprinsessa.
Litteraturtoget med kronprinsesse Mette-Marit på Gol stasjon. Her vart ho teken i mot av fylkesmann i Buskerud, Helen Bjørnøy (f.v.), politimeister Christine Fossen og ordførar i Gol, Heidi Granli. Tilde Myren Lien og Hedda Elise Røysi Kaslegard, elevar ved Gol kulturskule var på plass for å kvede for kronprinsessa.
Kronprinsesse Mette-Marit, Kim Friele og biografen hennar Ola Henmo under bokbadet på Gol bibliotek torsdag ettermiddag.
Kronprinsesse Mette-Marit, Kim Friele og biografen hennar Ola Henmo under bokbadet på Gol bibliotek torsdag ettermiddag.

Latter og tårer

Det var ei engasjert og varm kronprinsesse som tok for seg kvifor Henmo valde å fortelje historia om Frieles liv, som den første homofile som stod fram i Norge, kampen for rettigheiter og ikkje minst kampen for å elske den ein vil.

– Det har vore eit privilegium å høyre på Friele i alle desse timane for å lage biografien. Eg er djupt imponert over krafta gjennom eit heilt liv, seier Henmo.

Og både latter og tårer spratt då kronprinsessa dukka ned i livet og kampane til den fritalande bergensaren. Friele la også vekt på at me ikkje må bli historielause.

Utanforskap i dag

– Ungdom i dag har lett for å tru at alt kom rekande på ei fjøl, men me har fantastiske førmødrer som har gitt oss desse moglegheitene. Me må forstå at det samfunnet me lever i ikkje har kome av seg sjølv og me må forvalte dei rettane som er utkjempa. Utanforskap i dag er når me syner at me distanserer oss. Det handlar om eldre på sjukeheim og i omsorgsbustader, me er heller ikkje gode nok til å gi menneske med funksjonshemningar gode nok vilkår, og me burde ikkje snakke om integrering av flyktningar men heller om inkludering, seier Friele.

– Norge treng Friele

Etter bokbadet seier Mette-Marit til Hallingdølen at ho har all respekt for Friele.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva i kampen til Friele er det som rører deg?

– Friele har gjort mykje for veldig mange som har levd med ein forståing av at dei sjølv har vore utanfor og på utsida, slik at dei skal føle seg på innsida. Det har ho fått fram gjennom å fortelje historia si og gjennom å fortelje kven ho er ved å leva eit sant liv. Gjennom arbeidet mitt med hiv/aids har eg verkeleg fått ei djup forståing for kor mykje det har betydd for så mange. Difor er Friele ein viktig skikkelse for meg, men også ein viktig skikkelse i norsk historie. Ho er ei av dei kvinnene i Norge som har gjort landet til eit klokare og rausare land. Norge treng Friele, seier kronprinsessa og snur seg mot Friele med eit smil.

Avslutta ein strålande togtur

For det er ikkje første gong Friele har møtt kronprinsessa.

– Elles hadde eg nok dåna. Eg visste jo kor klok og grei ho er, seier Friele lurt.

– Kva tykkjer du om å vera heidersgjest i dag?

– Nei, slik tenkjer eg ikkje. Eg vart invitert og har hatt ein strålande togtur saman med Mette-Marit. Det at ho er kongeleg har ikkje noko å seie. Ho er rik på kunnskap og har gjort ein strålande jobb med hiv/aids og mange andre hjelpeprosjekt. Det er ei flott jente, for å seie det beint ut, seier Friele.

Ho legg til at ho tykkjer kronprinsessa har takla sin eigen utanforskap veldig bra.

– Den måten ho vart teken imot på då ho fann kronprinsen, der hadde du også «Ola Grums» som var ute med stygge ord. Då hissa eg meg opp òg. Alle som møter sin store kjærleik har jo hatt eit liv på førehand, og Mette-Marit har så mange gode kvalitetar, seier Friele.

Artikkelen held fram under annonsen.

To stopp står att for litteraturtoget. Fredag er det klart for Hønefoss før Oslo.