Friele er verdsarv
– Det er strålande at arkivet blir anerkjent som del av historia om Norge.
Det seier Karen Christine «Kim» Friele. Sist tysdag vart det kjent at arkivet, som dokumenterer meir enn femti år med homoaktivisme, er blitt ein del av Norges dokumentarv.
– Storarta å bli verdsett
– Det er stort. Eg er storarta nøgd med at det har blitt verdsett, seier Friele.
Artikkelen held fram under annonsen.
Arkivsamlinga starta som ein hobby. Ho samla både internt spetakkelet i homorørsla og korrespondanse med kyrkje, stortingspolitikarar og psykiatrar.
– Eg syntest både at det var moro og viktig å ta vare på saksdokument, brev, bilete, avisartiklar. Etter kvart vart samlinga ein lidenskap, seier ho.
Relevans for andre
Friele meiner at arkivmaterialet også kan gje kunnskap som har allmenn relevans.
– Eg er ikkje så oppteken av mi eiga sekt. Kjensla av å bli tilsidesett og ikkje akseptert, har lesbiske og homofile felles med mange andre minoritetar. Me puttar folk i ulike boksar – dei funksjonshemma, dei gamle, innvandrarane. Gjennom desse båsane fokuserer me på det spesielle ved kvar gruppe i staden for å fokusere på alt det som er felles. Desse barrierane er viktig å bryte ned, seier ho.
Auka status
Samlinga til fyller no 17 hyllemeter i Universitetsbiblioteket i Bergen. Det er den mest omfattande samlinga om nyare norsk homohistorie.
– Det har vore vanskeleg å få pengar til å forske på skeiv historie. Det har blitt oppfatta som eit spesielt arkiv. Den nye statusen kan bidra til å gje arkivet truverd som historisk kjelde. Det ligg mykje godt forskingsmateriale her, seier Friele.
Kjensla av å tilsidesett, har lesbiske og homofile felles med mange andre minoritetar.
Kim Friele