Trass ein gjentakande stygg skrivefeil i boka, som gjorde at Kim Friele først hadde lyst til å kaste den veggimellom, er menneskerettskjemparen nøgd med resultatet.
Trass ein gjentakande stygg skrivefeil i boka, som gjorde at Kim Friele først hadde lyst til å kaste den veggimellom, er menneskerettskjemparen nøgd med resultatet.

Portrett av homokampens fyrstedame

Kim Friele har kjempa heile livet og har endra både lovar og haldningar. Slikt blir det bok av.

«Sånn kan vi jo ikke ha det», seier Kim Friele på nokre av dei fyrste sidene i boka. Me kan nærast høyre den bestemte bergensaren gje klår beskjed. Og når Kim Friele krev endring, ja då brukar det bli slik. I kampen mot urettferd har ho aldri kvidd seg for å gå først i krigen. Dei ti fyrste åra, gjekk ho faktisk åleine, som Norges einaste opne homofile.

– Men eg hadde gode folk i kulissane, påpeiker homokampens fyrstedame, som framleis er eit fyrverkeri av engasjement og mot. No har forfattar Ola Henmo skrive «Kampen – eit portrett av Kim Friele». Historia om korleis Kim Friele gjekk i bresjen for å forandre lover, hjarter og sørge for like rettar, uansett seksuell orientering. Her har både venner og «fiendar» uttala seg. Og historiene er mange, og ofte sett på med eit artig skråblikk frå den vesle bergensaren som har utretta så mykje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aldri redd

Då Friele først starta å engasjere seg, var det faktisk kriminelt å vere utøvande homofil. Homofili var også ein psykiatrisk diagnose. Den vesle bergensaren har kriga mot generalar, politikarar, lovverk, psykiatrar og sjølvsagt kyrkja. Og sjølv om ho har runda 80 år, sit ho framleis ikkje stille i stolen. Lang ifrå. Ho er nett heimkomen frå Oslo og skal dra nedover att om nokre få dagar. Om det er nokon som treng henne er ikkje Friele vond å be. Ho er eit ja-menneske, sjølv om mange også har erfart at ho kan seie steilt nei.

– Eg har aldri vore redd ein einaste autoritet i mitt liv. Me er alle gjennomsnittsmenneske, påpeiker ho. Men ja-mennesket har i mange år sagt eit klart nei til alle førespurnader om å skrive ei bok. Cappelen Damm klarte overtale henne til slutt. Resultatet kom sist veke.

Måtte sykle Rallarvegen

– Eg sa nei, men den søte redaktøren ville ikkje gje seg. Eg sa ikkje ja til bok, men eg sa ja til å møtast, smiler Friele og påpeiker at ho hadde nokre vilkår som måtte på plass.

«Kameane – et portrett av Kim Friele», biografi skriven av Ola Henmo for forlaget Cappelen Damm.
«Kameane – et portrett av Kim Friele», biografi skriven av Ola Henmo for forlaget Cappelen Damm.

– Eg ville ikkje ha honorar. Eg ville at boka skulle omhandle meg – på både godt og vondt. Og så ville eg at Henmo skulle sykle Rallarvegen. Eg skal jo ha nokre gleder eg òg, ler Friele. Ho og forfattaren vart etter kvart fortrulege.

– Han prøvde å tråkke over nokre grenser, så eg måtte tidleg setje foten ned. Men han gav seg ikkje, så me fann ut av det, fortel ho. Friele ville ikkje lese heile manuset før trykk, berre det som omhandla partnaren Wenche Lowzow og sjukdommen hennar.

– Men eg vart litt krakilsk då boka kom. Språk er viktig, og heile boka igjennom står det dei homofile. Det betyr at ingen av lesarane er homofile, ingen i Cappelen Damm er homofile, men at alle oss andre er homofile, seier Friele morskt. Det synte seg at det ikkje var forfattaren som hadde skrive dei homofile, men noko som vart sett inn av korrekturen i forlaget.

– Ein god jobb. Han har gjort ein god research og forvalta det eg har fortalt med innleving, seier Friele nøgd.

Ikkje lei kampane

Kjapp i hovudet og i replikkane har ho alltid vore.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er du ikkje lei av å gå i kamp?

– Neisida. Så lenge eg er frisk, og det er eg sett bort ifrå denne vonde ryggen, smiler Friele og tek imot heime på Geilo. Ryggen fekk seg ein durabeleg knekk då ho gjekk i bakken etter eit uheldig møte med dørmatta. I bakken gjekk ho og då ho var utsliten etter ein lang periode med lite mat og uro for si kjære Wenche, – og litt for mykje akevitt. Det innrømmer ho glatt. Kampen for eit verdig liv når alderen tærer på, er omtala i boka. Friele går atter i kampen for dei som ikkje kan kjempe sjølve.

– Eg trur ikkje eg er frisk eg, om det ikkje er noko der ute som eg synest må rettast på, flirer fyrverkeriet og heller fløyte i kaffien. Ho har ein indre drivkraft som gjer at ho berre må snakke for dei som ikkje kan gjere det sjølve.

I leilegheita på Geilo bur Friele no aleine. Etter fire år med hovudansvar for ein sjuk partnar vart det til slutt behov for hjelp på heiltid. Det er ein sorg.

– Eg saknar Wenche og dei gode samtalene, fortel Friele. No må ho hente påfyll utanfrå, og då meiner ho stort sett utanfor Geilo.

– Eg har til gode å ha sosialt samvær her, etter 20 år i Hallingdal, sukkar ho. Då er det godt å ha toget ein spasertur unna.

Ligg i blodet

Eit liv i kamp har ikkje gått føre seg i det stille. Og ho har fått både venner og uvenner på vegen. Dette er med i boka. Ikkje minst bråket internt i Det norske forbundet av 1948 (DNF-48). Her var Friele leiar i perioden 1966 til 1971 og generalsekretær fram til 1989.

– Eg var åleine som open homofil dei ti fyrste åra i Norge, medan dei andre sat og såg ut gjennom nøkkelholet, humrar Friele, og legg til at ho nok ikkje var særleg rund i kantane. Jobben ho gjorde var slett ikkje lett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var ein sjølvstudert røvar og heldt på å lese meg i hel. Hugs det var ikkje data og internett på den tida, minner ho om.

– Kunne du engasjert deg i ei anna sak?

– Kanskje eg hadde kjempa for dei funksjonshemma? Eg hadde nok funne noko, for det ligg i blodet mitt at eg ikkje toler urett. Samstundes med at eg trivst med å gjera litt opprør. Eg smugla mellom anna inn matpakker til dei russiske krigsfangane i fangeleiren på Paradisåkeren, på oppdrag frå mor, fortel Friele, som uredd låg på taket av fangeleiren då tyskarane kom på inspeksjon. Ho sparka også til predikanten på sundagsskulen då han var ufin med venninna hennar. Jentene spankulerte så ut døra og kom aldri att.

Openheita

– Blir du nokon gong ferdig å kjempe trur du?

– Me har vel litt att. Å kjempe mot kyrkja tok 40–50 år av livet mitt. Arbeidet innanfor kyrkja er godt i gang, men det er synd om min barnebarn-generasjon må bruke 40–50 år av sine liv for å bli betrakta som fullverdige menneske. Me må hugse fortida. Stortinget har aldri gitt oss noko, me har kjempa oss til det. Stortingsmenneske er gjennomsnittsmenneske dei og. Dei er ikkje krem de la krem, påpeikar Friele. Eldrepolitikk, uavhengig av seksuell orientering, er ein annan ting som står på agendaen hennar no. Ho deler erfaringane sine om å takle skam, mindreverdigheitskompleks og isolasjon. Ho snakkar til hiv- og aidssjuke, konfirmantar og andre som treng det.

– Eg kan ikkje seie så mykje om korleis ein skal leve, men eg kan seie noko om korleis ein skal takle skamkjensle, seier Friele. Ho tek for seg anonymiteten, som så mange trur det er livsnødvendig å bevare.

– Å ja da. Det er framleis noko att å kjempe for, smiler ho.

– Kva har vore den viktigaste kampen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det ligg på det menneskelege plan. Det at eg har bidrege til openheit. At folk har vågd å leve livet og kunne velje kjærleiken og eit godt liv, seier ho. Boka inneheldt ingen nye, store sensasjonsnyhende. Det skulle berre mangle. Livet til Friele har vore fullt av sensasjonar. Kjenner du dei ikkje frå før, då må du lesa boka.