Dei nektar å la regjeringa nedprioritere Bergensbanen. Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb heldt appell framfor Stortinget måndag. Her saman med Torbjørn Wilhelmsen frå Vossaløysinga.

Vil politikarane bli hugsa for å bygge Bergensbanen 2.0, eller for at det var dei som vraka ideen ein gong for alle?

Ei fersk undersøking syner at 800.000 passasjerar vil flytte over frå fly til tog dersom reisetida på Bergensbanen blir fire timar. Blir dette redninga for banen?

Det var ei stor og framtidsretta satsing då Bergensbanen vart bygd og stod ferdig i 1909. No står kampen om den 113 år gamle banen skal lyftast inn i ei ny tid, tilpassa ei grøn omstilling og nye klimakrav.

Då forkjemparar for Bergensbanen troppa opp på Bergen stasjon under banneret «Det store togrøveriet» med kursen til Oslo og Stortinget, var det med denne visjonen i bagasjen. Politikarane var framsynte då dei vedtok banen mellom Oslo og Bergen. No treng dei politikarar som evnar å lyfte blikket på nytt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
La fram ny rapport under «Det store togrøveriet»: Trafikken kan tredoble seg med reisetid på fire timar

Bergensbanen 2.0

Med reisetid på fire timar blir distrikta langs banen til ein del av bu- og arbeidsregionen for både Oslo og Bergen. Marius Holm i Vy meiner det til og med ligg til rette for miljø- og klimavennleg masseturisme med tog frå utlandet, til Oslo, vidare på Bergensbanen, med elektrisk rundtur på fjordane, og klimavenleg togretur frå Bergen.

Ambisjonane er altså langt høgare enn å knipe inn ein time reisetid, her og der. Det handlar om bygge Bergensbanen 2.0, og å lage eit reelt alternativ til fly.

Delegasjonen frå Bergen, Voss, Hallingdal og Ringerike markerte seg i Oslo måndag, og enda opp med møte i Stortinget.

Treng begge to

For å få til dette, må to ting skje. Ringeriksbanen må byggast. Samtidig må K5 Bergen-Voss bli sikra i ny tunneltrase. Det sistnemnde seier seg sjølv. Banen hadde i dag aldri fått lov til å bli bygd i eit så rasfarleg område. Då meiner forkjemparane at ein sanneleg må kunne krevje at dagens politikarar evnar å bygge ny trase for veg og bane i fjell, og slik spare menneskeliv.

I austre ende har Ringeriksbanen levd sitt liv heilt sidan dei fyrste skissene i 1871. Dei siste åra er det brukt nærare to milliardar kroner på planlegging. Reguleringsplanen er vedteken. Prosjektorganisasjonen er bygd opp og ventar berre på eit «go» frå politikarane.

Begge tiltaka må gjennomførast for å få reisetida tilstrekkeleg ned. Det hjelper ikkje med det eine.

Rasande

Det er her kampen står. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) vil ikkje løyve 200 millionar til neste års planlegging Bergen-Voss. Med det skyv han på det mange opplever som ein heilt nødvendig byggestart. No håpar SV å rette opp mangelen i forhandlingane om budsjettavtale.

Les også
Bane NOR-direktør bekymra for Ringeriksbanen: – Oppsplitting kan bety utsetting og nye kampar

Vestlendingane er rasande, naturleg nok. Likare er det ikkje austpå med måten Ringeriksbanen blir feida ut i det blå av den same Nygård. Om han trudde oppsplitting og overføring til Bane NOR skulle virke tilforlateleg, så har han tatt grundig feil. Dei siste vekene kjem det meir og meir tydeleg fram at ei oppsplitting av prosjektet vil skyve banen ut i «det evige intet». Til og med sentrale personar i Bane NOR fryktar det.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i Stortinget i samband med spørjetime. Onsdag ventar nye spørsmål. Her saman med finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) (t.v.).

Ventar på svar

Samferdselsminister har problem med å svare når han blir utfordra i Stortinget. Kor mykje mindre enn antatt er fordelane med fellesprosjektet? Kva dokumentasjon har han på sine påstandar? Kvifor har han ikkje opplyst at ei oppsplitting blir dyrare? Kvifor har han ikkje opplyst at fagmiljø har frårådd ei oppsplitting?

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vil behalde fellesprosjektet: – Å splitte opp veg og bane, betyr at jernbanen ikkje blir bygd
Les også
Samferdselspolitikk: Regjeringa får krass kritikk frå eigen ordførar

Trond Helleland (H) ventar framleis på svar på sitt skriftlege spørsmål til statsråden, sjølv om svarfristen gjekk ut for fire dagar sidan. Onsdag ventar nye rundar i Stortinget.

Blant enkelte politikarar svirrar spørsmålet om Jon-Ivar Nygård faktisk har feilinformert Stortinget.

– Bli historisk

Til no har regjeringa starta dei fleste svar med å vise til krigen i Ukraina og behov for å halde att i økonomien. Då er det interessant å høyre representantar for Byggenæringens Landsforening som fryktar bråstopp neste år og lyftar fram Ringeriksbanen som eit klappa og klart prosjekt både Norge og næringa treng.

Er prosjektet splitta og prosjektorganisasjonen bygd ned, er løpet køyrd.

Ordførarar på Stortinget for å argumentere for Ringeriksbanen. F.v. Hol-ordførar Petter Rukke, Gol-ordførar Heidi Granli og Ål-ordførar Solveig Vestenfor, alle Ap.

I samferdselspolitikk kan ein ikkje starte og stoppe prosjekt annakvart år. Ein treng forutsigbare prosessar. I den samanheng kan rapporten som syner kva effekt ei reisetid mellom Oslo og Bergen på fire timar vil ha, bli avgjerande. Politikarane blir utfordra til å lyfte blikket opp frå budsjettkolonnene. Bodskapen frå forkjemparane for fire timar Oslo-Bergen er at dette handlar om eit viktig og nødvendig grep for framtida.

– Bli historisk, var rådet Ål-ordførar Solveig Vestenfor (Ap) gav då ho møtte stortingspolitikarane måndag. Fleire av dei folkevalde noterte seg det. Vil dei bli hugsa for å bygge Bergensbanen 2.0, eller for at det var dei som vraka ideen ein gong for alle?

_______

PS. Etter at denne kommentaren er publisert har samferdselsminister Jon-Ivar Nygård svara på spørsmålet Trond Helleland (H) har stilt. Helleland bad om dokumentasjon som viser at fordelen ved fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16 har blitt mindre enn først antatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nygård kjem ikkje med noko tal i svaret sitt, men konkluderer med å skrive at kostnadsestimatet for Fellesprosjektet er svært høgt. Dagens økonomiske rammer gir ikkje rom for ei investering som vil beslaglegge ein så stor andel av samferdselsbudsjettet i mange år framover.

– Å møte transportbehovet i Ringeriksregionen med fellesprosjektet FRE16 er for dyrt, konkluderer Jon-Ivar Nygård.

Les spørsmålet og svaret her

Les også
Avsløring: Nygård spurte og fekk svar - store ekstra kostnader ved å splitte veg og jernbane
Les også
Vil gi bort 20 bustadtomter gratis: – Me må gjere kraftfulle tiltak
Les også
Fleire fattige i Hallingdal: – Eg skulle jo gjerne besøkt barnebarna, men eg har ikkje råd