Opphevar karantene for VGS-elevar på Gol

Tysdag kveld vart det kjent at ein heil skuleklasse på Gol vgs vart sett i karantene. Årsaka var at ein elev hadde vore i nærkontakt med ein person med påvist koronasmitte. Heile skuleklassen, samt nokon fleire elevar og enkelte lærarar, vart sett i karantene.

Torsdag melder kommuneoverlege i Gol, Jagannivasan Thurainayagam, at karantenen for alle no er oppheva.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var eit føre var-tiltak. Me har vore i kontakt med den aktuelle eleven. Det er ingen utvikling av symptom sidan heimekarantenen vart starta tysdag. Det har no gått to dagar. Det er ikkje grunn til å mistenke at vedkommande kan ha smitta andre. Derfor opphevar me karantenen for dei andre i klassen, andre råka elevar og tilsette, seier legen.

Les også
Stenger ned hotell og permitterer fleire hundre tilsette
Les også
Regjeringa har skore gjennom - alle skular og barnehagar stenger
Les også
Ein person har testa positivt for korona i Nesbyen
Les også
Gjer seg klar til å møte neste fase