Frå fredag er barnehagane stengt på grunn av koronaviruset. Arkivfoto.

Regjeringa har skore gjennom - alle skular og barnehagar stenger

Skular og barnehagar stenger. Ål, Hemsedal og Nore og Uvdal kommune har sett krisestab.

– Våre skular og barnehagar stenger, bekreftar ordførar i Ål, Solveig Vestenfor. Hemsedal og Nore og Uvdal kommunar melder om det same. Og klokkas 14 torsdag kom følgjande melding frå statsminister Erna Solberg: Alle skular og barnehagar blir stengt frå og med fredag til og med 26. mars.

Også vidaregåande skular på Gol og Ål stenger dørene fram mot påske.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar i Ål, Solveig Vestenfor.

Undervisning heime

Ifølge Vestenfor er det førebels ikkje snakk om permitteringar. Elevane som ikkje skal møte på skulen, skal følge digital undervisning heimanfrå.

Les også
Stenger Hemsedal skisenter og ber turistar reise heim

For dei tilsette i barnehagar kan det bli snakk om å gjere ein annan type jobb: Kommunen må sikre barnepass til såkalla «kritisk personell». Det vil eksempelvis seie barn til personar som jobbar i helsevesenet.

Ikkje reis utanlands

Per no er det tre personar som har fått påvist smitte av korona i Hallingdal. Kva som vil skje i dagane og vekene framover, er uvisst. For Ål sin del har ordførar Vestenfor to sterke oppfordringar:

– Eg vil innstendig få oppfordre våre eigne innbyggarar til å ikkje reise utanlands. Me treng folk her. Alle trengst framover, for å vere i beredskap. Eg håpar alle kan vere med på ein dugnad for å lette trykke så mykje som mogleg, seier ho.

Les også
Ein person har testa positivt for korona i Nesbyen

Det kan til dømes vere snakk om at folk som har enkelte kommunale oppgåver må over i andre funksjonar.

– Me prøver å kartlegge moglegheitene for dette. Det er først og fremst då snakk om folk som jobbar innan helse.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Vestenfor si andre oppmoding går i retning dei tilreisande:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ber hyttefolk om å halde seg heime i heimkommunen sin. Me står midt i ein unntakstilstand, og me har ikkje kapasitet til å ta hand om fleire enn våre eigne innbyggarar.

Føre var

Ordførar Vestenfor seier dei har valt å sette krisestab for å vere så føre-var som dei berre kan.

– Me har førebels ingen som er smitta av korona i Ål. Det kan vere vanskeleg å skjønne alvoret i situasjonen når alle rundt ein er friske. Men me har sett korleis det kan gå om ein ikkje sett inn tiltak tidleg nok, sjå korleis det er i Italia, seier ho.

– Det er unntakstilstand. Det handlar om å vere så klok ein berre kan. Me må bruke den kunnskapen me har frå dag til dag, og justere kursen ut frå det.

Hol førebudd på krise

Torsdag ettermiddag trappa Hol kommune opp kriseleiinga.

– No må me prøve å ligge i forkant kvar dag, seier ordførar Petter Rukke (Ap).

I Hol som elles i landet vart alle skular og barnehagar stengt torsdag. Norges toppidrettsgymnas, bibliotek og kulturskule er også stengt. Det same er Fagerli leirskule og Geilomo barnesjukehus.

– Det er drastiske tiltak, og me må ta dette dag for dag, seier Rukke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kriseleiinga som er oppretta i Hol består i tillegg til ordføraren av rådmann Ole Johnny Stavn, beredskapsrådgjevar Espen Bille-Larsen og etatsleiarane. Desse funksjonane har dobbel dekning i tilfelle noko skjer. Gruppa skal møtast klokka 10 kvar dag i virkedagane. Servicetorget på Geilo er stengt og flytta til kommunehuset i Holet.

Les også
Ein person har testa positivt for korona i Nesbyen
Les også
Gjer seg klar til å møte neste fase