Bardøla Høyfjellshotell blir stengt i løpet av helga. Årsaka er koronautbrotet som pregar heile det norske samfunnet.

Stenger tre hotell - Geilogruppen permitterer 220 tilsette

Geilogruppen stenger Vestlia Resort, Highland Lodge og Bardøla Høyfjellshotell fredag på grunn av koronautbrotet. Då stenger også Storefjell dørene. Det same skjer i Hemsedal.

Torsdag vart det først bestemt å stenge Highland og seinare Bardøla. Men seint torsdag kveld vart det også avgjort å stenge Vestlia Resort.

1600 senger

- Geilogruppen permitterer 220 tilsette, seier adm. direktør Roger Espeli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tilsette vart varsla i løpet av dagen torsdag, og det vart halde eit informasjonsmøte om kvelden. Totalt har Geilogruppen 1600 senger på dei tre hotella. Det gjer Geilogruppen til den største hotellaktøren i Hallingdal.

– Me må gjere alt me kan for å hindre spreiing av smitte og avgrense vårt økonomiske tap. Dette er ei svært dramatisk avgjerd for oss.

Adm. direktør i Geilogruppen, Roger Espeli, melder at Highland Lodge og Bardøla Høyfjellshotell blir stengt. Her står han saman med kollegaene Aleksander Gullesen og Terje Simonsen. Ordførar Petter Rukke til venstre.

Utfordrande

I Hemsedal har dei valt å komme med pålegg om å stenge alt av generelle overnattingsstader, restaurantar og hotell. Det stadfester turistsjef Richard Taraldsen.

– Dette er ei utruleg utfordrande sak, som vil påverke veldig mange, seier han.

– Det er ein situasjon me ikkje er trent for. Men me samarbeider veldig godt, og har ein tett dialog med næringa og krisestab, seier han.

Storefjell på Golsfjellt stenger dørene frå fredag, og skal i første omgang halde stengt fram til neste helg. Hotellet permitterer 130 tilsette. Berre leiing og vaktpersonell vil vere på jobb.

Nasjonal krise

Avgjerda om å stenge vart teke torsdag morgon, på det som er ein av dei mest dramatiske dagane i nyare norsk historie. Det er erklært nasjonal krise, og for første gong i fredstid har styresmaktene stengt skular. Idrettslag og kulturarrangement legg ned drifta. Førre gong styresmaktene stengde norske skular, var under den såkalla «brenselferien» i mars 1942. Men då handla det om nazi-styresmaktenes kamp mot lærarar som nekta å rette seg etter dei strenge retningslinjene for undervisning av nasjonalsosialistisk propaganda.

Usikker tid i vente

Ikkje sidan 1951 har hotell på Geilo vorte stengt i lengre periodar på grunn av sjukdom. Den gongen var det polyomelitt som spreidde seg blant innbyggarane med mange råka i Hol. Hausten 1951 vart det også innført møteforbod. Espeli meiner som mange andre no at dei drastiske grepa er ein del av ein nasjonal og global dugnad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er slik me kan vere med på å bidra til å hindre smittespreiing. Per no er ikkje mange smitta i Hol eller Hallingdal. Målet må vere å halde talet på smitta på eit minimum gjennom å førebygge.

– Kor lenge er hotella stengt?

– Me veit ingenting om kva som skjer dei neste vekene. I beste fall kan me opne om tre veker.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.