Hallingdal sjukestugu tek ikkje imot personar som er alvorleg sjuke av koronaviruset. Dei skal sendast til Ringerike sjukehus. Foto: Arkiv

Gjer seg klar til å møte neste fase

Dei neste dagane skal Hallingdal sjukestugu, kommuneoverlege og Vestre Viken sentralt avklare korleis arbeidsdelinga blir når koronaviruset no er på veg inn i neste fase.

– Kva skjer med dei som er smitta?

– Fleire har testa positivt på koronaviruset, men blir behandla i heimen. Etter det eg kjenner til per no er ingen alvorleg eller kritisk sjuke av koronaviruset, seier Geir Strømmen, kommuneoverlege i Ål og Hol, til Hallingdølen torsdag føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje avdelingssjef ved Hallingdal sjukestove, Ingeborg Rinnaas, skal dei som eventuelt måtte trenge intensivbehandling leggast inn på Ringerike sjukehus.

– Me er no i ein fase der Vestre Viken sentralt gjer avklaringa om kven som gjer kva. Me skal i møte med dei fredag og veit meir då. Førebels er me i ein planleggingsfase, seier ho.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.