Tømmer sjukeheimsavdelinga på Geilotun - flyttar bebuarane til Vestlia

Vestlia Resort på Geilo tek imot pasiantar frå sjukeheimen.

I dag blir sjukeheimsavdelinga ved Geilotun bo- og behandlingssenter tømt for bebuarar. Medan dei flyttar inn på Vestlia Resort, blir Geilotun gjort klart for å kunne ta i mot koronasjuke pasientar.

Hol kommune tek i ettermiddag i bruk rom på Vestlia Resort for å tømme avdelinga ved Geilotun.

— Me har no klargjort 14 rom ved hotellet, fortel Roger Espeli ved Vestlia Resort til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Føre var

Ved 14-tida i dag startar transporten av bebuarar. Ifølge leiar for smitteverngruppa i Hol, Hege Isungset, er det ingen av dei tilsette eller bebuarane som har vist teikn på smitte.

– Dette gjer me for å vere i forkant, me tenker føre var. Det handlar om å rydde rom, og ha moglegheiter for å tilby hjelp til pasientar om det behovet oppstår, seier Isungset.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Ved å frigjere plass ved Geilotun, har ein moglegheit for å ta imot eventuelle koronasjuke på ein stad som kan vere heilt skjerma frå andre pasientar.

– Me er litt tidleg ute med dette tiltaket, men me føretrekker å vere i forkant, seier Isungset.

Smittevask

Når Geilotun er tømt, vil det stå 20 sengeplassar ledig i fall behovet skulle melde seg. Heile avdelinga vil gå gjennom prosedyrar for nedvask og smittevask.

Dei siste par døgna har situasjonen i Hol eskalert. Til no er det åtte registrerte tilfelle av koronasmitte, men ein ventar langt fleire positive prøvar dei neste dagane. I går vart heile Høgehaug bo- og behandlingssenter isolert, og heile kommunen er i karantene-tilstand.

Vestlia Resort på Geilo teknimot pasiantar frå sjukeheimen.
Les også
– Korleis skal eg klare meg?
Les også
Hallingdølen vil ha bilete av din nye kvardag!
Les også
Psykologen: – Isolasjon gjer noko med oss