Det blir rolege dagar når familien er i koronakarantene. Mor og far har kan hende heimekontor, medan den yngre garde har litt skulearbeid og ein god porsjon spel og film.

Hallingdølen vil ha bilete av din nye kvardag!

Sit du på heimekontor? Har du skulebarn som sit med heimeundervisning? Er du vidaregåande-elev som jobbar med skulearbeid heimanfrå? Hallingdølen vil gjerne sjå korleis du har det!

No som samfunnet så å seie er stengt ned, sit veldig mange av oss heime. Kvar for oss. Det kan vere mange måtar å løyse den situasjonen på.

Me vil gjerne sjå korleis nettopp du løyser det! Korleis ser arbeidsplassen din ut? Korleis ser det ut der de driv heimeundervisning? Ligg du rett ut på sofaen og tek livet med ro? Eller er du ute og kjenner på frisk luft, i skiløypa?

Artikkelen held fram under annonsen.

Me vil gjerne sjå korleis de som lesarar har det!

Send oss ditt bilete på epost: redaksjonen@hallingdolen.no

Du kan også sende oss eit bilete i innboksen på vår Facebook-side.

Eller bruk Instagram! Emneknagg #hallingkarantene

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Les også
Psykologen: – Isolasjon gjer noko med oss
Les også
– Korleis skal eg klare meg?
Les også
Nye tal: Stadig fleire reiser frå Hallingdal