Det går framleis føre seg mykje testing i Hallingdal.

Tre smittetilfelle i Hallingdal i helga: - Det går føre seg omfattande testing

Sjølv om koronabølgja i regionen har flata ut, tikkar det stadig inn enkelttilfelle av smitte. I løpet av helga har tre hallingar blitt råka av koronaviruset.

Laurdag fekk Ål eit bekrefta tilfelle, der vedkommande hadde blitt smitta utanfor dalen. Nærkontaktar vart testa sundag, og måndag formiddag kom det beskjed om at ein av desse hadde testa positivt på viruset.

Ål er dermed oppe i 14 koronasmitta denne hausten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Omfattande testing

Også Hol fekk ein auke på eitt tilfelle i helga. Det prøvesvaret kom sundag, og også her hadde vedkommande blitt smitta utanfor dalen.

Geir Strømmen er kommuneoverlege for både Ål og Hol. Han fortel at det førebels ser ut til at dei har kontroll på situasjonen.

– Men det går føre seg ei omfattande testing no, og me treng nokre dagar før me har full oversikt, seier han.

Helseministeren åtvarar

Koronaviruset breier om seg nasjonalt, og det blir stadig sett nye dagsrekordar i talet på smitta i Norge. Måndag heldt regjeringa ein pressekonferanse om situasjonen, og helseminister Bent Høie hadde tatt med seg ein plakat med ein graf.

Les også
Legane i Hallingdal anbefaler desse 21 koronatiltaka

Grafen viste smitteutviklinga i Belgia dei siste sju vekene.

– 160 menneske døyr der kvar einaste dag. Sjukehusa er nære kollaps. Legar og sjukepleiarar blir bedne om å gå på jobb sjølv om dei er smitta. Alt dette har skjedd på sju veker. Dette er ikkje ein prognose for Norge, men det er ei forteljing om kva me må unngå. Det viser kva som kan skje om me mistar kontroll og kor mykje som kan skje på sju veker. Og om sju veker er det jul, sa helseminister Høie.

Les også
Trassa råd om å unngå fysiske møte i Gol

Kommuneoverlege Strømmen følgde pressekonferansen på skjermen.

– Me har ropt «ulv, ulv» mange gonger, men me er rett og slett ved eit kritisk punkt no, seier han om situasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange spørsmål

Regjeringa kom med sterkt skjerpa koronatiltak før helga. Også lokalt kom kommuneoverlegane med ei liste over kva for tiltak dei anbefaler kommunane å innføre. Lista var på i alt 21 punkt.

– Kommunane følgjer lojalt opp, seier Strømmen. Likevel har det vore mange spørsmål dei siste dagane.

– Blant anna rundt det me at me har fokus på å opne mest mogleg opp for barn og unge. Me svarer ut så godt me kan.

Slik er smittesituasjonen i Hallingdal måndag:

KommuneTal på smitta
Flå3
Nesbyen8
Gol41
Hemsedal6
Ål14
Hol3
Les også
No har Gol passert 40 koronasmitta - to nye tilfelle fredag