Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen.

Legane i Hallingdal anbefaler desse 21 koronatiltaka

Samtidig som Bergen og Oslo presenterte nye og svært strenge koronareglar, sette kommuneoverlegane i Hallingdal opp ei liste for kva dei meiner bør gjelde lokalt.

Lista som kommuneoverlegeforumet (KOLF) landa på fredag består av 21 punkt. Det blir opp til kriseleiinga i kvar enkelt kommune om dei vil ta i bruk alle anbefalingane.

– Me håpar kommunane så langt som råd vil gå for dei same tiltaka, sidan heile Hallingdal er ein felles bu- og arbeidsregion, seier kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hald deg heime

Dei nye nasjonale tiltaka kom alt torsdag. Dei er klokkeklare: Statsminister Erna Solberg bad alle om å halde seg mest mogleg heime, unngå unødvendige innanlandsreiser og avgrense kontakten med andre menneske.

Nasjonale tiltak som gjeld alle

* Alle må i størst mogleg grad halde seg heime.

* Me bør halde minst to meter avstand til personar i risikogrupper.

* Maks 20 personar på private arrangement, og 50 på innandørs arrangement.

* Unødvendige innanlandsreiser bør unngåast. Unntak: Arbeidsreiser som vurderast som nødvendige og reiser til fritidseigedomar som kan gjennomførast utan kontakt med andre.

* Nasjonal skjenkestopp klokka 24.

* Krav om attest på gjennomført test blir innført for alle som kjem frå raude land.

* Personar som kjem til landet utan å ha fast bustad eller arbeidsgjevar må opphalde seg på koronahotell og teste seg i ein periode på inntil ti dagar.

Fredag presenterte Bergen ei rekke strenge tiltak, seinare på dagen følgde Oslo opp med sine. Dei er dramatiske, og medfører i praksis ein sosial nedstenging av hovudstaden.

I Hallingdal har det verste utbrotet nådd sin topp, og bølgja har flata ut. I anbefalingane frå kommuneoverlegane ønsker dei spesielt å skåne barn og unge, og opnar derfor for både idrett, kultur og gruppeaktivitetar for dei yngste.

– Det har me fagleg dekning for å gjere. Dei unge smittar kvarandre lite. Dessutan ser me at det er dei som lir mest under isolasjon. Dei har vanskeleg for å halde ut ein isolasjon som blir langvarig. Derfor meiner me det er viktig å stimulere til sosial kontakt mellom dei, seier Strømmen.

Les også
Trassa råd om å unngå fysiske møte i Gol

Frå KOLF blir det blant anna anbefalt å halde idrettshallar, ungdomsklubbar og kulturskule opent.

– Men dei unge bør ikkje delta i aktivitetar der dei må reise langt. Aktivitetane må vere lokale, seier kommuneoverlegen.

Munnbind og bytte av arbeidsplass

Samstundes som det blir opna litt opp for dei unge, blir det stramma til på enkelte andre område. Kommuneoverlegane tilrår blant anna at dei som har to jobbar må halde seg til éin arbeidsplass per dag. Det betyr at om du har to jobbar, bør du ikkje kombinere dei på ein og same dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan til dømes vere nokon som jobbar i butikk på dagtid, og tar kveldsvakt i heimesjukepleia. Veldig mange i Hallingdal har fleire ulike jobbar. Me vil at dei skal unngå å bytte mellom disse same dag, seier Strømmen.

Les også
To nye smittetilfelle i Gol i dag: - Begge er nærkontaktar

Kommuneoverlegen i kvar enkelt kommune står klar til å gi råd til dei som eventuelt er i ein slik situasjon.

Helsepersonell som jobbar på ein institusjon eller i heimesjukepleia bør no bruke munnbind der dei ikkje greier å halde ein meters avstand.

– Helsepersonellet vil me verne godt om. Det er ei gruppe me skal vere ekstra varsame med, for dei er avgjerande for at me kjem oss godt gjennom dette, seier Strømmen.

Her er tiltaka KOLF anbefaler kommunane å ta i bruk:

• KOLF støttar nasjonale anbefalingar og føringar som er innført. Det blir vist til anbefalingar frå regjeringa som gjeld heile landet.

• Kvar enkelt kommune må i tillegg vurdere lokal smitterisiko, og innføre eigne tiltak som samsvarer med nivå for smitterisiko. Hallingdal som felles bu- og arbeidsregion bør jobbe for å ha samordna tiltak.

• Avgrense eller vurdere stenging av besøk ved sjukeheim, helseinstitusjonar og omsorgsbustader, samt føre streng oversikt over besøkande.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Gi gode råd om aktivitet og åtferd til helsepersonell, både på jobb og i det private.

• Avgrense bytte av arbeidsplass innan same dag. Kommuneoverlegen kan gi råd om kombinasjon av arbeidsforhold.

• Gode råd til befolkninga rundt karanteneregler og åtferd ved familiemedlemmer i karantene.

• Gi råd om å avgrense talet på personar frå kvar husstand som oppsøker butikkar saman.

• Anbefale å bruke munnbind i det offentleg rom, der ein ikkje kan overhalde 1 meters avstand.

• Det blir anbefalt å opne for trening og fritidsaktivitet for barn og unge (under 20 år), men aktivitet, kampar og liknande utanom eigen kommune bør bli sett på vent.

• Breiddeidrett i grupper for vaksne blir framleis sett på vent.

• Svømmehallar og idrettshallar kan opnast for barn/unge og skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Bibliotek kan halde opne med gode smitteverntiltak.

• Frivilligsentral kan opne med gode smitteverntiltak.

• Ungdomsklubb kan opne med gode smitteverntiltak.

• Kulturskole kan opne med gode smitteverntiltak.

• Frisklivsentral og aktivitet for utsette grupper kan opne med gode smitteverntiltak. Bør fortrinnsvis legge opp til gruppetrening utandørs.

• Skjerpe inn tiltak for «gult nivå» ved skular og barnehagar. Vurdere innføring av «raudt nivå» ved lokalt høgt smittepress, særleg ungdomsskule.

• Vaksenopplæring bør innføre digitalundervisning på linje med vidaregåande skule i Viken.

• Fysiske møte, kurs og reiser i kommunal/offentleg regi bør avgrensast til eit absolutt minimum. Oppfordre til digitale løysingar der dette er mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Besøkskontroll ved kommunehusa.

• Oppfordre til at kommunane tar tilsynsansvaret på alvor, og organisere tilsyn lokalt.

Les også
Ber folk halde seg heime og foreslår strenge lokale tiltak: Sjå heile lista her
Les også
Heimeundervisning for elevar på vidaregåande skule frå måndag
Les også
Stor auke i avbestillingar etter nye restriksjonar