Det har vore mykje testing i Gol dei siste vekene.

No har Gol passert 40 koronasmitta - to nye tilfelle fredag

Begge dei to nye smittetilfella er nærkontaktar til personar som alt er råka av koronaviruset.

Det fortel ordførar Herbrand Jegleim til Hallingdølen fredag kveld.

Koronabølgja som har treft Gol med full kraft i haust har flata meir og meir ut. Men stadig tikkar det inn positive prøvesvar, dei siste tre dagane har smittetalet auka med åtte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Legane i Hallingdal anbefaler desse 21 koronatiltaka

Kommunen er no oppe i 41 koronasmitta i haust. I heile Hallingdal er 72 personar råka av viruset.

KommuneTal på smitta
Flå3
Nesbyen8
Gol41
Ål12
Hemsedal6
Hol2

Tidlegare fredag kom kommuneoverlegane i Hallingdal med ei liste med anbefalte tiltak som dei håpar kvar enkelt kommune vil innføre. Gol landa fredag ettermiddag på si liste - den ser slik ut:

* Vedtak om stenging for besøk ved Helsetunet blir vidareført. I tillegg er det nå avgjort å stenge tilgangen til alle fellesareal i omsorgsbustader, og samtidig på det sterkaste oppfordre til at folk avstår frå å besøke omsorgsbustader. Dette inneber også at stenginga av dagsenteret blir vidareført neste veke.

* Anbefalt bruk av munnbind i det offentleg rom, der ein ikkje kan overhalde 1 meters avstand.

* Frisklivssentralen blir opna for utandørsaktivitet, med grupper på inntil 10 personar.

* Fysiske møte, kurs og reiser i kommunal/offentleg regi blir avgrensa til et absolutt minimum. Me oppfordra til digitale løysingar der dette er mogleg.

* Kommunehuset er stengt for publikum også neste veke.

Idrett og kultur:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Opnar for trening og fritidsaktivitet for barn og unge (under 20 år). Aktivitet, kampar og liknande utanom eigen kommune er sett på vent.

* Breiddeidrett i grupper for vaksne er framleis sett på vent.

* Svømmehall og idrettshall opnast for barn/unge og skule.

* Biblioteket kan halde opent med gode smitteverntiltak.

* Kulturskule kan halde opent med gode smitteverntiltak.

* Frivilligsentral er stengt kommande veke.

* Ungdomsklubben er stengt kommande veke.

Skule, barnehage og opplæring:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Det vil framleis vere «gult nivå» ved skular og barnehagar. Utover dette blir det gjort fortløpande vurderingar ved behov.

* Vaksenopplæring bes innføre heimeundervisning på digitale plattformer på linje med vidaregåande skular i Viken.

Les også
Trassa råd om å unngå fysiske møte i Gol
Les også
Heimeundervisning for elevar på vidaregåande skule frå måndag