Hol var hardt råka av koronaviruset i vår. Her eit bilete frå mars, med Fredrik Fineide og Mari Guldahl i full sving i førstelinjetenesta.

Ein koronasmitta i Hol - ti sett i karantene

Det har vore nokre stille veker i Hol, men sundag fekk kommunen sitt tredje smittetilfelle i haust.

– Personen er smitta utanfor dalen, fortel smittevernlege Peter Schiellerup.

Les også
Ny person koronasmitta i Ål: - Ingen relasjon til tidlegare tilfelle

Smittesporarane har no kartlagt alle nærkontaktar til den smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ti personar er sett i karantene. Dei vil bli testa i dag og i morgon, fortel Schiellerup.

Les også
– Hyttefolk treng ikkje proviantere i byen

Sundagens tilfelle er det tredje i Hol i haust. Det har vore ganske stille i kommunen, som ei periode i vår var hardast råka i heile landet.

Det positive prøvesvaret i Hol gjer at det no er 74 personar med bekrefta koronasmitte i Hallingdal. Tilfella fordeler seg slik:

KommuneTal på smitta
Flå3
Nesbyen8
Gol41
Ål13
Hemsedal6
Hol3
Les også
— Me skal tvinge oss gjennom det