Tre nye smittetilfelle: – Kjenner me har kontroll att

Gol får framleis enkelte tilfelle av koronasmitte, men har god kontroll på smittesituasjonen.

Dei siste vekene har vore hektiske i Gol. Mellom anna opplevde kommunen å få heile 14 smitta på berre fem dagar for ei dryg veke sidan. Blant dei som vart råka, var skuleelevar.

Onsdag kveld fortel kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam at all testing i samband med skulen no er over, og det har gått bra:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ingen fleire tilfelle. Då er me i rute att, seier han.

Likevel kjem det stadig enkelte positive prøver. Tysdag vart to personar bekrefta smitta.

– Dette var to som alt sat i karantene, så det var slik sett venta. Dette får ingen ringverknader, seier Thurainayagam.

Også onsdag vart ein person bekrefta smitta.

– Kjelda til denne er utanfrå kommunen. Den smitta er sett i isolasjon, ein person er i nærkontakt-karantene, seier kommuneoverlegen.

– Me kjenner me har kontroll att. No håpar me på rolege tider framover.

Les også
Ny elev smitta - endå ein klasse i karantene
Les også
Seks smitta på eitt døgn i Gol: Ein skuleklasse i karantene
Les også
Fem nye er smitta: Fleire skuleklassar i karantene