Seks smitta på eitt døgn i Gol: Ein skuleklasse i karantene

Då nærkontaktane til ein koronasmitta person vart testa sundag, slo fire av dei ut positivt.

Det har derfor vore hektisk aktivitet på legekontoret i Gol i helga. Laurdag fekk kommunen to nye smittetilfelle. Det eine var ein person som hadde vore utanlands, og testa positivt etter å ha kome heim. Vedkommande var alt i karantene.

Det andre tilfellet dukka opp då ein person fekk symptom på koronasmitte. Vedkommande hadde fleire nærkontaktar, og desse vart kalla inn for å hurtigtesting sundag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fire av dei testa positivt. Det gjer at ein klasse ved Gol ungdomsskule, samt ein klasse på Gol vaksenopplæring, er i karantene, fortel kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

– Det blir gjennomført testing i morgon. Det er ikkje behov for å ta kontakt med legekontoret for testing. Alle som skal testast får beskjed, seier han.

– Får det store konsekvensar når så mange nærkontaktar testa positivt?

– Det er snakk om lite eller ingen symptom på nærkontaktane, sånn sett fekk me fanga det opp i tide. Om det vil få store konsekvensar eller ikkje får me svar på i morgon, når me får fleire testsvar. Me håpar det stoppar her, seier Thurainayagam.

For nokre dagar sidan opplevde Hol det same som Gol, og fekk seks smitta i løpet av eitt døgn. Ål har også fått fleire smittetilfelle i helga, som har fått konsekvensar for Ål vidaregåande skule.

Les også
To nye smitta: Tre klassar på vidaregåande i karantene
Les også
Seks smitta på eitt døgn: – Fare for at det spreier seg