Ny elev smitta - endå ein klasse i karantene

Fredag fekk Gol sitt 15. smittetilfelle sidan laurdag. Det får mellom anna konsekvensar for Gol skule.

Fredag landa endå eit positivt prøvesvar på pulten til kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

– Dette er ein nærkontakt som vart testa torsdag. Det ferske tilfellet gjer at me tek ut ein klasse til på Gol skule i karantene. Testing blir gjennomført i løpet av helga, seier kommuneoverlegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fem nye er smitta: Fleire skuleklassar i karantene

Han fortel vidare at dei ikkje har anna val enn å be skuleklassar vere heime så lenge elevane har vore i kontakt med nokon som er smitta. Torsdag vart ein annan klasse ved Gol skule sett i karantene, samt ein klasse på vidaregåande.

– Dette må me gjere for å vere sikre på at det ikkje er fleire smitta i klassa, seier Thurainayagam.

– Førebels ser det kontrollert ut, men me er ikkje ferdig med planlagt testing av ein klasse. I løpet av helga vil me ha betre oversikt. Me jobbar med å kartlegge omfanget, og gjer tiltak for å avgrense spreiing, seier han.

Les også
Dei første testane var negative - ventar i spenning på fleire prøvesvar
Les også
Smitta i Nesbyen: Den store konfirmasjonshelga kan ryke