Korona: Kommmunelege i Nesbyen, Nils Høva

To nye koronasjuke i Nesbyen — usikre på smittekjelda for den eine

– Det er litt foruroligande, seier kommuneoverlege Nils Høva.

Tysdag tikka det inn to nye positive prøvesvar i Nesbyen. Det eine har samanheng med utbrotet i Gol, og har vore enkelt å smittespore. Men det andre tilfellet har førebels ukjent smittekjelde.

– Det må me nøste vidare i i morgon. Eg likar ikkje heilt at me ikkje veit kor smitta kjem frå, men dette er samstundes ein trend om me ser på smittespreiinga i bystrøk. Der er det no slik at i over 60 prosent av tilfella veit ein ikkje kor smitta kjem frå, seier kommuneoverlege Høva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fleire nye smittetilfelle i Gol - no er 17 personar koronasjuke

Dei to som no er bekrefta koronasjuke er sett i isolasjon. I samband med dette er seks personar sett i karantene. Onsdag blir det ein god del testaktivitet ved legekontoret i Nesbyen.

– Me har blant anna ein arbeidsplass med ein positiv, der skal me teste alle tilsette. Det er også enkelte nærkontaktar me skal ta prøve av.

– Er det mykje pågang av personar som ønsker test no?

– Det er ein del testaktivitet denne veka, ja. Det er mange som ønsker ein test. Me følgjer dei nasjonale køyrereglane, dei som ønsker å bli testa skal i praksis kunne få det, seier Høva.

Tysdagens to smittetilfelle i Nesbyen er det tredje og fjerde i kommunen den siste veka. Før helga kom det melding om to andre tilfelle, begge knytt opp mot utbrotet i Gol.

Les også
Fire nye smittetilfelle i Gol - alle er knytt til Nortura
Les også
Ein bekrefta koronasjuk i Ål — stammar frå utbrotet i Gol