Nortura i Gol må områ seg etter fleire smittetilfelle ved anlegget.

Fire nye smittetilfelle i Gol - alle er knytt til Nortura

Nortura er råka av smitteutbrotet i Gol. Måndag vart fire tilsette bekrefta smitta av koronaviruset.

– Nortura har etter at det vart bekrefta smitte for to tilsette ved Norilia gjennomført ein utvida prøvetaking av tilsette. Det er som følgje av dette det er bekrefta koronasmitte hos fire tilsette knytta til Nortura, seier kommunikasjonsrådgjevar i Nortura, Tanita Wassås Kveinå.

– Det blir no jobba med å kartlegge nærkontaktar, og desse er bedne om å gå i karantene. Me samarbeider tett med kommuneoverlegen om vidare smitteoppfølging, og me fortset også med prøvetaking av tilsette og har ein god dialog på det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norilia er stengt

Alt laurdag kveld fekk bønder i Hallingdal melding om at dei ikkje fekk levere slakt på Nortura måndag. Dei tilsette fekk likevel beskjed om å møte på jobb som normalt, men kapasiteten var noko redusert. Fleire av dei tilsette fekk beskjed om at dei fekk høve til å teste seg om dei ville.

Les også
Nortura koronatestar alle sesongarbeidarar frå utlandet

Dei fire smittetilfella som vart kjent måndag fordeler seg etter det Hallingdølen kjenner til på fleire avdelingar. Det blir framleis ikkje mottak av slakt ved anlegget.

– For å avgrense smitte blir tiltaka som vart innført måndag med tanke på slakting vidareført inntil vidare, seier Wassås Kveinå.

Som Hallingdølen tidlegare har omtala har det vore tilsette i karantene ved anlegget sidan sist veke, og i helga stengde ullstasjonen Norilia på grunn av smitte- og karantenesituasjonen.

Helsepersonell i Gol var klare for storinnrykk til koronatesting måndag morgon. Frå venstre: Nina Østerhus, Bjørg Kjørkleiv Hoftun, Marry Viljugrein og Tora Berger.

– Me er bekymra

Smittesituasjonen i Gol er enno ikkje fullt avklart, og det pågår framleis hektisk aktivitet på testing. Sundag vart heile 48 personar testa, 15 gjennom kommunen og 33 i regi av privat bedriftshelseteneste. Av dei 48 var altså fire positive.

I løpet av måndag har endå fleire blitt testa i Gol, heile 50 personar. Mange av desse er skuleelevar.

Dei fire positive svara måndag gjer at kommunen no er oppe i 13 tilfelle totalt. Trass i at det stadig dukkar opp nye tilfelle, kjenner ordførar Herbrand Jegleim på ein viss kontroll.

– Me har ein nokolunde god oversikt. Men no har me fått nokre nye tilfelle, og me veit enno ikkje kven desse har vore i kontakt med. Me må jobbe vidare med smittesporing, seier Jegleim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han innrømmer vidare at det framleis herskar ei uro for situasjonen.

– Me er litt bekymra. Det har blitt testa mange i dag også, så me vil sannsynlegvis vite endå meir om eit døgn.

Det er no 140 personar som sit i karantene i Gol. Kriseleiinga gjentek oppmodinga om at dei som sit i karantene må overhalde dei karantenereglane som gjeld: Ikkje gå på skule eller jobb, ikkje delta på fritidsaktivitetar, ikkje bruk offentleg transport og unngå besøk.

For alle andre gjeld dei vante råda for smittevern: Hald avstand, bli heime om du er sjuk og vask hendene.

Les også
Ein bekrefta koronasjuk i Ål — stammar frå utbrotet i Gol
Les også
To skuleelevar blant dei koronasmitta — no blir 40 andre elevar testa
Les også
Fleire tilsette ved Nortura og Norilia testa i dag - Norilia stenger ullstasjonen
Les også
Får hjelp av Røde Kors: Sundag køyrde Harry koronatestar frå Gol