Mange elevar skal vere i karantene den komande veka.

To skuleelevar blant dei koronasmitta — no blir 40 andre elevar testa

Det har ikkje kome fleire smittetilfelle i Gol i løpet av sundag. Men det pågår framleis omfattande testing i kommunen.

I løpet av sundagen har 15 personar i Gol blitt testa. Alle desse har vore i nærkontakt med personar som er bekrefta smitta, eller dei har symptom som kan stemme med koronaviruset.

Det har ikkje kome nokre positive prøvesvar i løpet av dagen. 125 golingar er framleis i karantene, medan 36 elevar og ni vaksne frå SFO har fått frislepp frå karantenen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tek forholdsreglar i skulen

Kriseleiinga i Gol fortel at det kan sjå ut som dei har greidd å avgrense smittespreiinga i kommunen. Men det blir likevel tatt grundige forholdsreglar. I dag har det blant anna vore møter mellom kriseleiing, smittesporingsgruppa og skuleleiinga, med bakgrunn i at to elevar ved Gol skule er smitta.

— Derfor vil me teste nærkontaktar i skulen, det betyr rett under 40 elevar. Elevar som ikkje er direkte råka, vil ikkje bli testa i denne omgang, fortel kriseleiinga.

Les også
Fleire tilsette ved Nortura og Norilia testa i dag - Norilia stenger ullstasjonen

Dei har avgjort at SFO skal opne opp att for elevar som ikkje går i dei klassane som er råka.

Etter fleire døgn der Gol kommune har vore nøydd til å beskrive situasjonen som uavklart, melder dei at det no er meir oversiktleg. Det kjem seg blant anna av eit stort arbeid med smittesporing i helga.

Får hurtig analyse

I situasjonen som Gol no står i, er det avgjerande å få raske svar. Normalt blir det ikkje gjennomført testing på helg, men i denne situasjonen vart det gjort eit unntak. Kommunen tok deretter kontakt med Bærum sjukehus, for å få gjennomført raske analyser.

Som Hallingdølen skreiv om tidlegare sundag, har Røde Kors i dag bidratt med å frakte prøver til Bærum. Det er forventa svar på desse prøvene alt i morgon formiddag.

Les også
Får hjelp av Røde Kors: Sundag køyrde Harry koronatestar frå Gol

Kriseleiinga i Gol har mana sine innbyggarar til å ta ansvar i desse dagar. Det gjer dei også i dag. Beskjeden er krystallklar: Om ein kjenner noko som helst symptom, skal ein verken oppsøke arbeidsplass, skule, butikken eller sosiale samlingar.

— Om ein har symptom held det ikkje å halde ein meter avstand. Då skal ein isolere seg heilt, ta kontakt med helsevesenet og halde seg heime. No er tida for å finne fram varme teppe, sette seg i sofaen med ein god film eller ein serie og gire ned kvardagen, seier kriseleiinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Legevakta blir nedringt med koronaspørsmål: - Vent til måndag!