På ei veke har fem personar på påvist koronaviruset i Gol. No er 163 personar sett i karantene, deriblant fem skuleklassar. Kommunen jobbar med smittesporing.

Legevakta blir nedringt med koronaspørsmål: - Vent til måndag!

I kjølvatnet at koronautbrotet i Gol er det mange som er urolege og lurer på om dei bør teste seg. Det merkar dei til fulle på legevakta.

Der har nemleg telefonen knapt stått stille i dag etter beskjeden om fire nye smittetilfelle i Gol.

Men informasjonen frå Gol kommune er soleklar: Dei som er nærkontaktar til personar med bekrefta smitte, vil bli kontakta i løpet av dagen. Med andre ord: Om smittesporingsgruppa meiner du bør teste deg i helga, vil du få ein telefon. Om ikkje, kan du ta det med ro.

Artikkelen held fram under annonsen.

Betre kapasitet over helga

Ordførar Herbrand Jegleim i Gol har ei klar oppmoding til alle som ikkje står på smittesporingsgruppa si liste:

– Vent til måndag. Då kan du ringe og be om ein test.

Fleire nyheiter om koronaviruset? Sjekk vår samleside!

Den siste tida er det mange som har blitt testa for viruset rundt om i Hallingdal. Frykta for korona er sjølvsagt reell, men på denne tida av året er det mange som er sjuke eller kjenner seg «småpjusk» av andre årsaker også.

Les også
Fire nye smittetilfelle i Gol: - No er det viktig at me står saman og vernar om kvarandre

I løpet av laurdag har mange ringt legevakta med uro for om dei kan vere smitta. Men berre dei som er nærkontaktar til kjente tilfelle vil bli testa i helga.

Når helga er forbi, vil situasjonen vere annleis.

– På ein kvardag er det kapasitet til å teste 60-70 stykk, seier Jegleim.

Ingen koronatelefon

Også i vår såg ein problemstillinga med at telefonkapasiteten på både legevakt og legekontor i periodar vart sprengt. Med bakgrunn i dette vart det oppretta ein koronatelefon, som var operativ gjennom størsteparten av utbrotet i vår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då smittetrykket vart lågare, forsvann behovet og koronatelefonen vart avvikla. Den er førebels ikkje gjort operativ att i haust.

Les også
Hallingdal innfører strenge koronatiltak: – Håpar folk ser alvoret i dette
Les også
Ny person koronasjuk i Hemsedal - smitta kom frå utlandet