Illustrasjonsbilete.

Fire nye smittetilfelle i Gol: - No er det viktig at me står saman og vernar om kvarandre

Utbrotet i Gol breier om seg. Laurdag vart fire nye personar bekrefta koronasjuke, og smittesporingsgruppa jobbar no på spreng for å kartlegge nærkontaktar.

Dagens fire tilfelle gjer at Gol no er oppe i ni smitta i løpet av dei siste ti dagane.

– Smittesporingsgruppa er i fullt arbeid med å kartlegge nærkontaktar til dei som har fått tilbakemelding om positive prøver. Utover dagen i dag vil alle dei som har vore i nærkontakt med dei smitta bli kontakta, og sett i karantene, opplyser kriseleiinga i Gol ved 13.30-tida laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Hallingdal innfører strenge koronatiltak: – Håpar folk ser alvoret i dette

Vidare opplyser dei om at mange av nærkontaktane alt er sett i karantene som følgje av at fleire klassetrinn vart sett i karantene torsdag.

25 testar siste døgn

At det skulle kome fleire positive prøvesvar i dag, var kommunen budd på. Fredag vart 163 golingar sett i karantene, blant desse fem skuleklassar. Samstundes vart tre personar sett i isolasjon med symptom.

Les også
Full alarm i Gol: To nye smittetilfelle - kommunen har sett krisestab

Det er framleis 163 som er i karantene, men det talet kjem mogleg til å auke i løpet av dagen. Det er tatt 25 testar det siste døgnet.

– Me beskreiv situasjonen som uavklart på fredag. Dessverre er det framleis slik. Fleire av dei som i dag har blitt bekrefta smitta har hatt nærkontakt med tilfella me fekk på torsdag, og fleire av desse er medlemmar i same husstand. På bakgrunn av dette kan det sjå ut til at me har kontroll på spreiinga, då me antar at me kjenner smittekjelda, melder kriseleiinga i Gol.

Sju tiltak

Det vart i går innført strenge tiltak på bakgrunn av utbrotet i Gol. Tiltaka gjeld ikkje berre der, men i heile Hallingdal. Det dreier seg om til saman sju punkt.

Blant anna skal talet på møtepunkt avgrensast, det skal ikkje samlast fleire enn ti menneske i private lag og fritidsaktivitetar er førebels sett på pause.

Les også
– Eg tvilar på at me må gjennom ei ny nedstenging av samfunnet i seks veker

Kriseleiinga i Gol har ein bodskap til dei som no sit i karantene: Sjølv om ein har tatt koronatest og denne kom att negativ, er ein framleis i karantene. Ein negativ test opphevar ikkje karanteneplikta. Om ein får symptom skal ein oppsøke lege, sjølv om ein alt har tatt ein test som var negativ.

Les meir om reglane for karantene og isolasjon på FHIs heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppmodar til å passe på kvarandre

Kriseleiinga minnar vidare om at det er ei vanskeleg øving å avgrense smitte i eit lite lokalsamfunn.

– Det er viktig at me no står saman, vernar om kvarandre, og beskyttar kvarandre. Det kan vere ein vanskeleg kvardag, både fysisk og psykisk, å vere blant dei som har fått påvist korona. Sosiale medium er ofte ein plass å uttrykke frustrasjon og kjensler, men no som elles oppmodar me til å tenke godt gjennom kva ein «postar», melder dei.

Les også
Ny person koronasjuk i Hemsedal - smitta kom frå utlandet
Les også
Hemsedal med nytt smittetilfelle - no blir bygge- og industribransjen kalla inn til møte