Her er mannskap i Gol kommune i full gang med kartlegginga av koronatilfelle. Frå venstre: Ingunn Håverstad, Marry Viljugrein, Runa Lyngvi, Lene Hilleren Spangebu, Tove Moen, Jagganivasan Thurainayagam og Robert Bø.

Full alarm i Gol: To nye smittetilfelle - kommunen har sett krisestab

På ei veke har Gol no fått fem personar som er bekrefta smitta av koronaviruset. No sett dei iverk tiltak for å stoppe utbrotet.

– Det blir nokre spennande dagar fram til me har fått fleire svar, seier ordførar Herbrand Jegleim til Hallingdølen.

Dei to siste positive prøvene kom torsdag. Begge er personar som bur og arbeider i kommunen, men begge har vore i karantene den siste veka. Det er derfor avgrensa kor mange nærkontaktar dei har.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
To skuleklassar i karantene: - Me håpar det ikkje blir langvarig

Ein av personane som no er bekrefta smitta, har barn i skulealder. Det betyr at to skuleklassar no er sett i karantene.

– Målet er å slå det ned raskt

Gol kommune har sett krisestab, for første gong sidan koronautbrotet kom i Norge tidleg i vår.

– Kommunen sett no inn målretta tiltak for å få kontroll på utbrotet, og følgjer situasjonen tett. Me vil ha tett kontakt med beredskapsansvarleg hjå fylkesmannen, og eventuelle andre sentrale myndigheiter ved behov, seier ordførar Jegleim og kommunedirektør Hege Mørk.

– Målet er å slå ned utbrotet raskt, slik at me unngår fleire og strengare tiltak som vil få konsekvensar for oss både sosialt og økonomisk.

Gol kommune gjer no følgjande tiltak:

* To skuleklassar ved Gol skule er sett i karantene.

* Kartlegging blir gjort av Gol kommune si smittesporingsgruppe.

* Alle møter internt i kommunen blir gjennomført elektronisk for å avgrense smitte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Illustrasjonsbilete, her frå ein koronatest i Flå tidlegare i haust.

Ordføraren og kommunedirektøren understrekar at for å stoppe smittespreiinga er det viktig å kartlegge kven som er smitta og kven dei har vore i nærkontakt med.

– Kommunen er i gang med å kontakte og teste dei som i dagane før utbrotet kan ha hatt kontakt med personar med positiv smitte, seier dei.

Bli heime om du er sjuk

Den interne smittesporingsgruppa jobbar no på spreng. Det blir oppmoda om at alle som har vore i nærkontakt med bekrefta positive tilfelle, eller som merkar symptom som kan skuldast korona, skal halde seg heime.

Alle som opplever luftvegsinfeksjon med feber, hoste, tung pust, tap av smak- og luktesans eller sår hals skal ta kontakt med kommunen for å bli testa for koronaviruset.

– I tillegg gjeld dei vanlege reglane. Hald avstand, hald deg heime om du er sjuk. Folk må ta ansvar sjølv også, seier ordførar Jegleim.

Han har tru på at denne situasjonen vil løyse seg greitt.

– Me har god beredskap også innan helse og omsorg. Der er ting på stell. Dei er førebudd. Eg fryktar ikkje at me skal møte på nokre store problem.

Les også
To personar har blitt koronasjuke i Hemsedal