Illustrasjonsfoto: Slik såg det ut då Hallingdølen fekk vere med på ein koronatest i Flå tidlegare i haust.

To personar har blitt koronasjuke i Hemsedal

Laurdag ettermiddag tikka det inn to positive prøvesvar til kommuneoverlege Camilla Underland.

– Det er to som er fastbuande i Hemsedal. Dei er i familie, seier ho til Hallingdølen.

Lette symptom

Underland fortel vidare at alle nærkontaktar er varsla, og at dei har god oversikt og kontroll over situasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ingen stor jobb å smittespore.

Fleire nyheiter om koronaviruset? Sjekk vår samleside

Dei to personane vart smitta av ein nærkontakt som ikkje er lokal. Dei vart testa på torsdag, og har vore i isolasjon sidan då. Begge har lette symptom.

I Hemsedal har dei i haust testa rundt 30 personar i veka. Denne veka var talet dobla. Dei fleste prøvesvara har no kome, og Underland fortel at dei ikkje ventar på nokon fleire svar der det er mistanke om smitte.

– Blir meir og meir

At det likevel kom to positive i dag, er inga overrasking.

– Det vil bli meir og meir av dette. Når haustferien er over vil me nok sjå nokre enkelttilfelle. Dei to positive svara i dag er eit varsku om at folk må fortsetje å vere flinke, seier ho.

Les også
Fekk beskjed om koronasmitte etter dugnad

Underland minner om at alle må bida så godt dei kan.

– Om me veit at tinge er varetatt på ein god måte, at åtferda har vore rett i butikkar, på serveringsstader og så vidare, så gjer det smittesporingsjobben vår langt lettare, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om alle er ekstra flinke no, så hjelper det oss.

Tidlegare denne veka kom det beskjed om eit smittetilfelle knytt til eit offentleg arrangement i Hemsedal. Dei to positive prøvesvara i dag har ingen samanheng med dette arrangementet.

Les også
Koronasmitte etter arrangement i Hemsedal