Illustrasjonsbilete.

Ny person koronasjuk i Hemsedal - smitta kom frå utlandet

Då dei to reisande kom att frå utlandet, gjekk dei rett i karantene. Det er kommuneoverlege Camilla Underland glad for.

– Dei har følgt alle reglar. Då vart det ei enkel sak for smittesporingsgruppa, fortel ho til Hallingdølen fredag kveld.

Les også
Hallingdal innfører strenge koronatiltak: – Håpar folk ser alvoret i dette

Etter å ha kome heim til Norge og hatt nokre dagar i karantene, tok personen som no er bekrefta koronasmitta ein test på legekontoret i Hemsedal. Svaret kom att eit døgn seinare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hemsedal er no oppe i fire smittetilfelle hittil i haust.

Tidlegare fredag vart det kjent at det blir innført forsterka koronatiltak i heile Hallingdal, med bakgrunn i utbrotet i Gol. Også på landsbasis er smitta sterkt aukande, og Underland trur samanhengen er klar.

– Det er eit nasjonalt smittehopp. I lys av det skjer det ting her også, seier ho.

Les også
Hemsedal med nytt smittetilfelle - no blir bygge- og industribransjen kalla inn til møte

Den siste veka har dei testa rundt 20 personar i Hemsedal. Det er ein liten nedgang frå tidlegare veker.

Kveldens positive prøve i Hemsedal er det 16. tilfellet av koronasmitte i Hallingdal i haust. Dei fordeler seg slik:

Flå: 3

Nesbyen: 2

Gol: 7

Artikkelen held fram under annonsen.

Hemsedal: 4

Ål: 1

Hol: 1

Nore og Uvdal: 1

Les også
– Eg tvilar på at me må gjennom ei ny nedstenging av samfunnet i seks veker
Les også
Tilbake til heimeundervisning