To koronasjuke i Nesbyen - har samanheng med utbrotet i Gol
Nesbyen fekk torsdag to nye tilfelle av koronasmitte.
– Dette har samanheng med utbrotet i Gol, bekreftar kommuneoverlege Nils Høva. Han har hatt tett dialog med sin kollega i nabokommunen, Jagannivasan Thurainayagam, i dag.
– Me ventar no på fleire prøvesvar. Dei vil bli avgjerande for kva me gjer vidare i bygda, seier Høva.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fem tilfelle i Gol
Torsdag gjekk koronaalarmen i Gol då dei fekk det femte bekrefta tilfellet på ei veke. Kommunen har sett krisestab, og verksett fleire tiltak som følgje av prøvesvara. Blant anna er to skuleklassar sett i karantene.
I Nesbyen er ikkje konsekvensane like store, i alle fall ikkje enno. Høva rosar dei som no har fått positivt prøvesvar for å ha gjort alt rett, og dermed avgrensa moglegheita for å spreie smitte vidare.
– Me får forhåpentleg fleire svar i morgon. Då vil me vite om det blir noko meir ut av dette, eller om det roar seg ned, seier han.
Høva fortel av smittesporingsarbeidet førebels har vore oversiktleg. I løpet av torsdag er det han sjølv som har tatt den jobben.
– Men me vil setje i gang smittesporingsteamet om det skulle bli noko meir, seier han.
– Om det til dømes skulle bli større arbeidsplassar som blir råka, må me mobilisere fleire.
Fleire tilfelle på ei veke
Dagens to positive prøvesvar er det andre og tredje i Nesbyen denne veka. For to dagar sidan fekk kommuneoverlege Høva beskjed om ein person som hadde testa seg ved heimkomst frå utlandet, og fekk positivt prøvesvar.
Nesbyen er no oppe i tre koronasjuke. Gol har no fem.